mandag 14. desember 2015

Eit annleis julebord

Den tida eg var tilsett i NLM i Noreg gjekk frå januar til juni, så eg har aldri fått med meg eit julebord i NLM regi i Noreg. Sjølv om eg ikkje har det, trur eg at eg kan sei med ganske stor tryggleik at julebordet til NLM i Mongolia er annleis. Og det til tross for dei lokale sin frustrasjon over at det ikkje var karaoke i år. Det er det nemleg vanleg at det er.

Ein ting som er likt som i Noreg er at til julebordet skal ein stivpyntast. Skjorta var nyvaska og berre litt krøllete. Det viser seg etter kort tids forsking at det å henge opp ei våt skjorte på ein kleshengar ikkje er jamgodt med stryking. Og dressen var berre litt skitten. Kor er mamma som til vanleg tar seg av slike ting når eg verkeleg treng ho? Ein må jo skjøne at det blir litt langt å gå med dressen for å få den på rens når det er femti meter til næraste renseri. Eventuelt kan det vera at eg har eit såpass anstrengt førehald til dress at eg hadde gløymt korleis den såg ut når eg hengte den vekk etter sist bruk.

Sko til dressen som er i riktig storleik er enno eit
problem i Mongolia. 43 blir to nummer for lite sjølv
om eg no har budd her i tre og ein halv månad og burde
ha lært å tilpasse meg mongolske skikkar. Men kva 
skal ein med fine skor når Helly Hansen lagar blåe? 

På veg til julebordet var det eit interessant trafikalt problem som ein av og til kan lese om i avisene i Noreg, men her i Mongolia trur eg ikkje det får større merksemd. 
Fem hestar sprang midt i hovudvegen med to karar litt på sida som prøvde å jage dei tilbake i parken der dei kunne beite. Berre synd at karane jaga dei feil veg og at dei skremde hestane i vegen fekk tre bilar til å krasje. Då forsvann hestejagarane raskt, og med dei vekke, og skadar på fleire bilar, var hestane nøgde og gjekk tilbake til parken på eiget initiativ. 

Hestar på bytur. Utan refleksvest. Galne er dei! 

Men me fekk omsider ramla inn på restauranten der "ball room" var leigt ut til NLM sitt julebord. Eg håpa på eit ballrom, slik det var for borna på ferja mellom Hallhjem og Sandvikvåg då eg var yngre. Dette var berre eit litt mindre rom med bord og stolar og dansegolv. Første forrett kom raskt på bordet. I eit kaos av rettar kom denne salaten. Heldigvis låg det tre kjøtbitar på toppen som gjekk an å ete. På tallerken min som var full av ueteleg salat hamna det fort ein miniburger også. Den var og halvfull av salat. Undervegs i operasjon fjernsalatenfråhamburgeren kom det og ein kar og la heilt umotivert ein bit med sushi eller liknande på tallerken med mat som maten min et. Og då har eg smaka, så da kan eg uttale meg med ei viss erfaring. Sushi er ikkje godt. Godt å kunne slå det fast. 

Etter denne forretten kom det endå ein forrett. Ein ny salat. Eller to salatar. Ein med litt meir kjøt på toppen og ein i eit stettglas med litt kylling gravlagt under hageplanter. Ein måtte velje mellom desse to salatane, eg oppfatta uheldigvis ikkje det før etter julebordet, så eg prøvde å grave vekk hageplantane for å kome til kyllingen. 

Som seg hør og bør var det talar. Først var det sjefen sin tur til å ynskje alle velkomen og takke for ordet. Det var også ein andakt. Strategisk plassert midt i hovudretten, eit heller vanskeleg klima å halde ein andakt i ser eg for meg. I hovudretten var det heldigvis kjøt og pote, så då kunne ein stakkar få ete seg mett. 

Til no har eg ikkje nemnd musikken. Den måtte sjølvsagt vera der for å skape rett stemning. Om Abba er rett stemning til eit julebord veit eg ikkje, men nokre kulturskilnader må ein rekne med. Og når DJen var lei av Abba gjekk det over til julemusikk, framleis med biletet frå Abba sine musikkvideoar på storskjerm. 

Det var også diverse innslag av humoristisk karakter. Alt frå at alle menn måtte gå på ein provisorisk catwalk til song. Eg og ei av ei mongolske trudde i alle fall at me skulle vera morosame då bordet vårt skulle synga ein julesong. Ho skulle introdusere den på norsk, noko ho greidde særs bra. Eg skulle oversetje til mongolsk. Sidan den mongolsken eg kan handlar mest om å kjøpe ting i butikken og om å fortelje taxisjåføren om han skal til høgre eller venstre vart det dette eg sa. Det var i alle fall kanskje to eller tre som lo. 

Eg oppfatta for seint at ein kunne velje kva ein ville ha til dessert. I staden for ei sjokoladekake som såg svært så velsmakande ut for meg, fekk eg ei kule med is med litt krem på sida og øydelagt med å strø valnøtter på toppen. 

Dansetid. Ja, du las rett. Dansing på eit NLM julebord. Før eg kom til Mongolia fekk eg høyre at det ikkje er uvanleg med eit såkalla kultursjokk. Ikkje hadde eg trudd at det skulle kome på julebordet. Gangnam style og Macarena. Rytmelaus som eg er sat eg ei stund og såg på og tenkte dette var underhaldande. Men etter kvart som tida gjekk og DJen ikkje skrudde ned volumet meir enn at det berre skurra i høgtalarane halve songen, kjende til og med eg på eit sakn etter den karaoken eg aldri har opplevd. 
Men for all del. Kulturforskjellar var noko av det eg hadde lyst å oppleve då eg reiste til Mongolia, så dette var gøy. Eller kanskje litt skremmande. Eigentleg mest skremmande. 

søndag 13. desember 2015

Soga om smekklåsen

Ein smekklås kan stundom vera ei grei oppfinning. Stundom er det ikkje det. I dag var det siste alternativet, altså ikkje ei grei oppfinning.
På veg ut døra når eg skulle til kyrkja såg eg plutseleg at bibelen min låg att på eit bord nett innom den tidlegare nemnde døra. Eg fata bibelen, gjekk ut, og lukka døra. Ikkje før hadde eg lukka ho skjøna eg at eg hadde gjort noko dumt. For der stod lykelen att i døra på innsida. Reservelykelen ligg vanlegvis hjå naboen, men eg hadde nett overnattingsvitjing, og då var det greit å kunne ha kvar sin lykel. Så reservelykelen låg og nett på innsida av døra.

Heldigvis er det slik her i Mongolia at NLM skal berre ha ein viss prosentdel utanlandske arbeidarar tilsett, og ein mykje høgare prosentdel lokale tilsett. Og av den grunn er det oppfordra til å nytte seg av vaskehjelp. Og når eg kan sleppe unna å vaske leilegheita mi for under hundre kroner i veka, då gjer eg sjølvsagt det. Så då var det eit siste håp om at det skulle gå an å oppsøke vaskehjelpa som både eg og naboen brukar for å låne den lykelen ho låner. Etter å ha gått gjennom ei mellomkvinne som kan mongolsk, jobbar for NLM og er syskenbarnet til ho som vaskar (og koker stundom), måtte eg berre vente i halvanna time. Så fekk eg lykelen.
Gleda var stor i bilen på veg heim frå kyrkja, for dette skulle jo bli ein grei sak. Faktisk skulle den bli så grei at eg stoppa på ein restaurant på vegen heim for å ete middag. Då bilen endeleg var parkert i garasjen og eg hadde slite meg opp troppene til leilegheita mi oppstod problemet. Grunna den lykelen som stod i på innsida av døra gjekk ikkje den eg hadde fått lånt heilt inn, og eg kunne dermed ikkje vri den rundt og få opna døra.
Heldigvis var naboen heime. Så då fekk eg lånt meg i tomflaske som skulle skjerast opp, og plasten skubbast mot skråsiden av låsetunga for å skubbe den inn i døra slik at den opna seg. Lett som berre det. I teorien. På denne døra var det sjølvsagt ei slags list der som det vanlegvis er ei sprekke det går an å sjå låsetunga i. Så det var ikkje råd å kome til på den måten. Fann eg ut etter å lagt igjen ei halv tomflaske inne i dørsprekka. Ute av syne ute av sinn.

Så då var det plan B. Få fat i noko ståltråd slik at eg kunne skubbe lykelen som stod på innsida litt ut for å kunne bruke lånelykelen til å låse opp med. Eg heiv meg i bilen og køyrde mot marknaden. Her i Mongolia har tydelegvis debatten om opne butikkar på sundagen ikkje funne stad. På marknaden prøvde dei å tilby meg diverse kablar når eg synte fram bilete av ståltråd på telefonen min. Til slutt kom eg over ein som hadde ståltråd. Ståltråd som var så mjuk at den kunne ha gått for ulltråd om den ikkje skein så mykje. Men det var det som var å oppdrive, så då fekk eg kjøpe ein meter av den. Mannen som selde ståltråd laga av ull var hyggeleg. Eg fekk ein meter!

Tilbake til døra til leilegheita. Eg hadde nett sett ein instruksjonsfilm på youtube, så det å skubbe ut ein lykel skulle ikkje vera problem. Berre at han i filmen hadde profesjonelt verkty, eg hadde ein ståltråd som var mjukare enn det moderne mannsidealet.

Det å få opp døra var ikkje noko problem det, låsesmeden gjorde det på fem minuttar.
Eller låsesmed og låsesmed. Det eg såg i verktøyveska hans var ikkje så mykje dirkar og fintfølande instrument som eg hadde sett for meg at ein låsesmed skulle ha. Hammarar, skrujern og tenger er tydelegvis nok. Det gjekk det fint an å sjå på måten han opna døra mi på. Kile eit skrujern bak plata som lås og dørhandtak på utsida var tilknytt, skru av dørhandtaket og bruke ei tong inne i holet som oppstod der for å opne døra. Treng ikkje vera redd for innbrot her i landet. Heldigvis har ytterdøra i blokka mi kode. Koden er nummeret på bygget her og nummeret på inngangen. Heldigvis er informasjonen om byggnummer og inngangsnummer godt gøymd på eit lite skilt rett over ytterdøra.

lørdag 5. desember 2015

Om kolfyring og hermetisert hestekjøt

Ingen spesiell historie i dag diverre. Berre ei lita oppdatering på dagleglivet i Mongolia. No påstår dei lokale at vinteren har kome, så då er det kanskje greitt å høyre på dei. Ikkje at det betyr at eg har klart å skaffe meg ei vinterjakke enno. Dette til damene på kontoret si store fortviling. Eg har nesten fått eit portforbod frå dei. Dei må no læra seg å høyre etter når vaksne folk snakkar til dei. Skjorte med t-skjorte under er bortimot eit fullverdig vinterantrekk. I alle fall når ein supplementerer med hanskar og hue. Heimestrikka hue. (Takk til vetlesyster Siri!)

Det skal seiast at det vart litt
kaldt på nevane å gå ute denne
dagen. Til tross for skinnhanskar
Snakkar me strikkevottar til jul, Siri?

No skal det seiast at dei siste dagane har det vore rundt minus 10-15 grader. Så det er jo reine sumaren. Lurar litt på kor eg gjorde av kortbroka. 
Men uansett, eg har i alle fall lært meg den mongolske frasa som eg reknar med betyr "frys du ikkje?" Eg prøver å svara at ein ekte mann frys ikkje, han blir berre blå og så dør han. Synd dei ikkje kan norsk så dei skjønar dette. No skal det i ærlegheita sitt namn seiast at eg skulle få meg ei vinterjakke(som var lettare å ta på og av enn ein deel), men at det ikkje har passa tidsmessig for venlegsinna og mongolsktalande damer på kontoret som kunne hjelpe meg enno. 

Ein anna ting som vinteren fører til Ulaanbaatar er kolfyring i gerane. Eg las ein stad at rundt 60% av menneska i Ulaanbaatar bur i gerdistriktet. Rundt 40% bur faktisk i ger(altså det Mongolske teltet laga av ull). I leilegheita eg bur i er det vassboren varme. Det er det lite av i gerdistriktet. Difor kolfyring. Det kan jo høyras kjekt ut at det er kolgrillsesong heile vinteren her, men det har sine bakdelar også. 
Før eg kjem til bakdelneane med felles kolgrillsesong kan eg kome med ein artig digresjon. I alle fall synes eg det er artig. Ein familie eg har høyrd om som bur i Khovd bur vanlegvis i ei leilegheit med vassboren varme. Men når vinteren kjem og det blir verkeleg kaldt flyttar dei ut i geren sin. Mykje betre og varmare der. Når eit telt er varmare enn ei bustadblokk seier det seg sjølv at urbanisering er noko tull. 

Bakdelen med lang grillsesong. Bak byggeplassen
ligg det ein millionby. Eit føremon er sjølvsagt at
ein slepp å sjå at ein bur i ein storby. 

Ein kan jo no etter kvart spørje seg om kva hermetisert hestekjøt har med kolfyring å gjera. Eigentleg ganske lite. Men begge delar høyrer vinteren til her nede. For hestekjøt er tilnærma ein mirakelkur for å halde seg frisk på vinteren. Dersom den eine sjåføren til NLM høyrer eit snufs, eit host eller ein brekt rygg(hypotetisk tilfelle), kjem det meir eller mindre som refleks eit slag på magen og "Jan, eat horsie meat!" Dette er tre av dei om lag tretten orda han kan på engelsk, så berre av den grunn kan ein sjå det er viktig. 

Mamma, pappa og søster Siri som kjem på besøk
i jula. De treng ikkje vera redd for sjukdom, eg har
handla universalmedisin! Hest er best!



Dersom du til slutt skulle ha lyst å lese noko litt meir seriøst, har eg rett og slett slått til og skrive ein artikkel på nlm.no om ei expatsamling i Khovd no i haust. Den finn du her.

tirsdag 24. november 2015

Skrekkhistorie frå røynda

Eg har alltid vore for dum til å vera redd for det meste her i verda. Stå ned bratthenget i svartløypa på Hovden skisenter første gongen eg prøvde alpintski, ingen problem. Setje utfor eit stryk i Tovdalselva på ein heimelaga flåte med brekt bein (obs! sterke bilete frå røynda!) på grunn av tidlegare nemnde skitur, berre gøy. Klatre på utsida av gjerdet som skal hindre deg å dette ned i Vøringsfossen for å få betre utsikt, sjølvsagd må ein det!
Men ein ting som eg har lært meg å vera redd her i verda, og det med god grunn, er tannlækjaren. Det å friviljug setje seg ned i ein stol, bli tippa bakover til liggande posisjon, og opne opp munnen for eit menneske med skarpe reiskap som går på trykkluft og straum. Det er umenneskelig! For ikkje å snakke om at ein attpåtil må betale for dette!

Men for å byrje med byrjinga.

Det å vakne klokka fire på morgonen på grunn av at det gjer ilt i ei tann er aldri eit godt teikn. Når ein er trøytt og vil sove og difor hiv innpå eit par paracet og framleis ikkje får sove på grunn av nemnde tann er det rett og slett eit dårleg teikn. Og når det ikkje gjer seg utover dagen er det beint fram skremmande.

Tysk tannlækjar. Ikkje ideelt
når eg i utgangspunktet er
livredd tannlækjaren og eg 
er over snittet interessert
i historie frå andre verdskrigen.
Det første namnet som slår meg
når det er tysk og doktor i same
setning er då diverre Mengele.

Germon Dental betyr då altså tysk tannlækjar, ikkje at det er Geirmund som er tannlækjar. Men ringje til dei å bestille time måtte eg, for det å ha så ilt i ei tann at ein ikkje får sove og heller ikkje klarer å konsentrere seg om noko anna er ikkje ideelt i eit lengre tidsrom. (u)Heldigvis fekk eg time eit par timar seinare same dagen. Etter eit par timar med angst, ein halvtime tannpuss og ein gåtur over gata frå der eg bur kom eg til tannlækjaren. Lite engelskkunnskapar hjå tannlækjaren men gode tysk og mongolskkunnskapar passa bra med at eg aldri hadde tysk på ungdomsskulen og at den mongolsken eg kan er brukbar til å fortelje drosjesjåføren om han skal til høgre eller venstre. På ein god dag. 

Med kaldsveitten sprutande i rein og skjær frykt, fekk eg hjelp til å fylle ut eit skjema på mongolsk med namn, fødselsdato, adresse, eventuelle sjukdomar og av ein eller anna merkeleg grunn, utan næraste pårørande.  

Meir enn ein gong var eg freista til å dra ein Max
Manus og hoppe gjennom vindauget for å sleppe 
unna tortur. Eg kunne og ha gått gjennom døra som
var ein halvmeter til høgre for vindauget.

Etter ein rask gjennomgang inne hjå tannlækjaren fann ho ut at eg hadde i alle fall fem fyllingar som måtte bytast og eit hol. Ho forstod heller ikkje heilt kvifor eg ikkje hadde vore hjå ein anna tannlækjar dei siste seks-sju åra. Lurar på kva dei eigentleg lærer på den tyske tannlækjarskulen? 
Men ho kunne i alle fall tilby meg å byrje med ein "deep cleaning" i første omgang, så kunne eg kome tilbake om ei veke eller to for å byrje å byte fyllingar. Etter litt norsk-engelsk-kroppspråkleg kommunikasjon fekk eg formidla at eg hadde eigentleg kome for å få vølt ei tann som gjorde absurd ilt. I staden for å køyre meg rett i røntgenmaskina gjekk ho laus med eit av reiskapane sine og byrja å slå på tennene mine for å finne ut kva tann det var. Etter eit godt smertestønn fekk eg kome i røntgenmaskina. Den var på bøttekottet i lag med tre kompressorar. 
Eg trur ho forklåra at det under fyllinga var kome eit nytt og ganske stort hol. Mykje blodårer, bakteriar og nervar var det visst òg der. Tillitsvekkande nok sa ho at "This first time i see this kind of cavity" før ho gjekk for å snakke med ei av dei andre tannlækjardamene. 

Lettare desperat etter andre
utvegar medan eg venta
på at røntgenbiletet skulle
bli framkalla. 

Så byrja arbeidet. Heldigvis er eg meir eller mindre immun mot sprøyter etter tjuetre år med diabetes, men så lenge det er under narkosestyrke har diverre ikkje bedøvinga noko særleg effekt. 
Etter bedøvinga hadde fått virke nokre minutt gjekk ho i gang med prøveboring. Dette var naudsynt for å sjå om eg trengte "root canal treatment". Eg skjønar no enno ein grunn til at mongolane ikkje har skjegg. Eller i alle fall ikkje bart. For når tannlækjaren kviler handa på overlippa di er det forferdeleg lett å plutseleg ha fanga 3-4 bartehår mellom boren og handa. Når handa så blir flytta blir dette forferdeleg ilt. Men sjølvsagt er det ingenting mot det å ha bitar av tenn sprutande rundt inne i munnen og kjenne skarpe ting i nervane. 
Det vart sjølvsagt rotfylling. Etter vel ein time i tannlækjarstolen kom denne forferdelege konklusjonen. Først fekk eg beskjed om at "now it's will hurt one time" før ho gjekk laus og bora i det som må ha vore ein ubedøva del av sentralnervesystemet mitt. Og når ho var ferdig med dette kom sjølve eigaren av tyskartannlækjaren inn for inspisere. Inspeksjonen var sjølvsagd å finne den skarpaste reiskapen dei hadde og trykke den via underkjeven min og inn i ryggmergen. Eg var tidlegare ikkje klar over at eg kunne gå opp i bru, men det kan eg. Og det med hovudet og oklene som einaste kroppsdelar som rører bakken(eller tannlækjarstolen). Etter dette fekk eg beskjed om at dei ville plassere noko nervegift i tanna mi, i alle fall tolka eg det på denne måten då dei sa at det skulle ta livet av nerven, slik at eg ikkje kjente noko neste gong når dei skulle fortsette. NESTE GONG?! Dette kunne dei kanskje ha opplyst om før. Men så lenge nervegifta virkar skal eg vel vera nøgd. 

Berre synd at dette var den første av fem fyllingar som måtte bytast. Og at dette viste seg å vera ein visdomsjeksel som dei like godt kunne ha trekt først som sist. 

58.000 for ein og ein halv
time hjå tannlækjaren. Snart
norsk nivå om ein ikkje reknar
med skilnaden i valuta. 

onsdag 18. november 2015

Djengis Jan

Som tidlegare nemnd er ei av arbeidsoppgåvene mine å vise rundt norske gjester. Fire elevar reiste i dag tidleg heim til Noreg frå Ulaanbaatar. I lag med dei har eg rett og slett fått ei av dei beste opplevingane eg har hatt i Mongolia.

Etter Gudstenesta på søndag, var det klart for avreise. Etter kyrkjekaffien, eller kyrkjemelketeen som det blir her i Mongolia, var det for å vera heilt ærleg. Og etter kyrkjekemelketeen kom det vel og lunsj før avreise. Men då var me klare! Gercamp i Terelj.

Hotellkomplekset hadde heldigvis parkeringsplass
i umiddelbar nærleik. Utsikta var det heller ingen
ting å sei på.

Då me kom fram til gercampen, etter å kjørt ei god stund på asfaltveg, eit litt mindre stund på ikkje asfaltert veg og ei stund på det som strengt tatt kan kallast utmark med innlagde elvekryssingar, var det rett inn til vertane for å drikke melkete. Varm melk med litt te og salt i. Det smakar ikkje så verst etter ein har brukt eit par månadar på å vende seg til smaken. Med mindre det er den typen melkete dei hiv ein sauehale oppi for å få litt ekstra feitt i han. Då smakar det gale etter eit par månadar også. Dette var heldigvis te av typen utan sauehalefeitt. 
Lyden av ei handsag trengte seg gjennom ullveggen i geren og sjåføren vår foreslo at me skulle gå ut og hjelpe til med vedprosjektet. Dottera til verten og verten sjølv såg ut til å klare seg særs bra sjølv, men det å hjelpe til måtte jo gå an. Spesielt sidan veden vart saga opp for at me skulle ha noko å fyre med på natta. I 17 minusgrader treng ein fyring til tross for at teltet er laga av ull.
Etter å ha gjort oss kjend med gerane og deira fasilitetar, altså at dei hadde seng og vedomn, kunne me gå å rusle litt rundt før middagen var klar. Ris, storfekjøt og melkete er alltid ein vinnar. 

Sola hadde nesten gått ned då middagen var fordøyd, så då var det på tide slå seg til ro med gerliv. Gerliv og hytteliv er ganske likt, har du ikkje med deg spel er du meir eller mindre ferdig etter det har blitt mørkt. Ei hovudlykt kan sjølvsagt nyttast for å gjere det litt lysare slik at det går an å opphalde seg utomhus/utomgers. Men eg hadde sjølvsagt gløymt kortstokken, heldigvis hadde eine eleven hugsa terningar, så då vart det ti tusen og god stemning. Etter at vertinna hadde vore inne og fyrt til oss to gonger, ho hadde tydelegvis ikkje trua på at me skulle klare det sjølv, var det så varmt at det ikkje var noko anna å gjera enn å gå ut og nyte den friske lufta borte frå storbyen før det var kveld. 

Med hotellrom som dette tenker ein ikkje så mykje
over behovet for innlagt vatn eller do det går an å
sitje på. Som er nærare enn femti meter vekke, og 
ikkje har tre mannevonde hundar som passar på.

Etter å ha hatt ei fredeleg natt langt vekke frå storbyen sin støy og forureining, berre avbroten av sjåføren som eg delte ger med si snorking, hundar som byrja å gøy etter tilfeldige intervallar og ein ubrukeleg bil som måtte startast opp annakvar time for at den skulle vera mogeleg å få starte igjen på ettermiddagen etterpå, var det tid for å stå opp og ete frukost. Frukosten var god, risgraut som ikkje har kokt heilt lenge nok og difor er litt suppeaktig i konsistensen, populært kalla sutebådaa. Smør og sukker høyrde sjølvsagd med.

 Etter frukosten var det på tide å lokke fram hestane
me skulle ri på, fascinerande å sjå mongolar som 
har halde på med dyr og gjeting heile livet i aksjon!


Det var ikkje alle av elevane frå Noreg som var like positivt innstilt på å setje seg på hesteryggen, men til slutt kom alle seg opp av meir eller mindre friviljug tvang. Og med ein avtale om at vertinna som skulle vera med å ri ikkje skulle sleppe taumane til hestane deira nokon gong i løpet av turen. Denne avtalen trur eg kanskje det berre var eg og elevane som var klar over, den mongolske vertinna snakka lite engelsk og eg like lite mongolsk, men me fekk lurt elevane på hesteryggen! 
For meg var det eit anna problem med å kome seg på hesteryggen, for det første har eg ikkje den beste spensten i NATO, eller no er me kanskje utanfor NATO, men de skjøner poenget. Det andre var at eg i mangel på andre varme klede hadde ikledd meg ein deel. Ein deel har visse likskapstrekk med ein kjole, og det å ta høge/lange skritt i ein kjole er ikkje alltid like lett ser eg for meg. Flaut nok kom verten med ein stor vedkubbe eg kunne stå på etter det første mislykka forsøket. Eg kunne heldigvis trøyste meg med at eg var nøydt å halvvegs løfte opp sjåføren vår som tross alt er mongolsk. 

Vondsinna tunger skal ha det til at dette kostymet og
hesten kunne vore frå nyinnspelinga av "Tre nøtter
til Askepott". Til det har eg berre ein ting å seie:
Djengis Jan! 


Då me etter ei stund med erobring av dei mongolske steppene kom tilbake til der gerane var, var lunsjen klar. Utan trivielle ting som handvask fekk me klaska eit par store kjøtbitar på ein tallerken og utlevert ein kniv. Gaflar var det på bordet, men ved å følgje dei mongolske vertane sine skikkar, såg eg at dei heldigvis berre var til pynt. Dette var eit fantastisk måltid, seks-sju poteter til deling på alle oss som var der og meir kjøt enn det var mogeleg å ete opp. Mongolane har skjønt det! 


Vertinna hadde lite lyst til å bli 
fotografert ved omnen, så då tok 
sjåføren over rolla som kokk. 
Ein mann med mange talent! 

Etter lunsjen var fortært var det diverre på tide med avgang, grunna snø og glatte vegar kom me til å få knapt nok med tid til dagsprogrammet som det var. Det var synd, her i Terelj kunne eg lett ha vore i vekesvis! Og til dei av dykk som faktisk les her og skal til Mongolia ein eller anna gong, ta ein telefon til Byamba og avtal eit opphald i ger! 




fredag 13. november 2015

Tøffelhelt

Ei av oppgåvene mine her i Mongolia er som tidlegare nemnd å vera guide når det kjem besøk frå Noreg. I skrivande stund er det fire elevar frå NLM sine skular Nordborg og Tryggheim på besøk her fordi dei har vald Mongolia som misjonsprosjekt på skulen og kjem ned hit for å lære meir om kva det er dei samlar inn pengar til.
Reint personleg er det ein stor fordel med slike besøkande at sidan eg planlegg ein del av programmet dei skal ha her og er i kontakt med dei på e-post før dei reiser frå Noreg, kan eg utnytte situasjonen å få flydd inn litt Jarlsberg og kaviar. Så for første gong på halvanna månad et eg faktisk brødmat!

Flyet dei fleste besøkande i NLM sin regi tar landar tidleg på morgonen, så då er det viktig å ikkje la gjestene få meir enn ein time eller to med svevn på morgonen for å prøve å unngå alt for galen jet-lag. I desse situasjonane gjeld det å heile tida gjere noko anna enn å slappe av for at det skal vera mogeleg å halde seg våken. Då er ein av dei stadane alle gjestane må innom Tsagaan alt. Tsagaan alt er så vidt eg har forstått det ein del av eit av dei første prosjekta NLM hadde i Mongolia. I staden for at mange damer skulle gå arbeidslause vart det gjeve opplæring i å lage tova ting av ull. Og Tsagaan alt er då butikken desse ullprodukta vert selde i.

No var dette fjerde gongen eg var innom butikken, tredje gongen eg hadde med meg gjester. Folka i butikken kjende meg att, noko som var litt flaut i og med at eg aldri hadde kjøpt noko hjå dei før. Tova ull er kanskje ikkje heilt min ting. Men denne gongen fann eg ut at eg rett og slett var nøydt til å handle hjå dei, elles ville det vel snart kome eit bilete av meg med kassa og teksten "Norsk slask som aldri kjøper noko"(På mongolsk. Eller nynorsk. Trur dei kanskje kan litt av begge delar. Det burde dei i alle fall kunne). Så eg er offisielt blitt den meir eller mindre stolte eigar av eit par tøflar. Som eg flaut nok må innrømme eg faktisk har på føta no.
Der kom tøflane inn i biletet, så då er spørsmålet kor kjem helten inn? Det er jo både tøflar og helt i tittelen til dette innlegget. Vel, som eg no har avslørt helt eg fast på tøflane mine med tærne i skrivande stund, så det får vera dårlege ordspel og "helt" nok til å rettferdiggjere tittelen.

Sidan eg først måtte kjøpe meg tøflar valde eg 
sportsmodellen. Cabrioletutgåve med skinnsålar for
bra grep. Aerodynamisk front for minka luftmotstand. 
Flammelakkering/flammebrodering på sidene. 
Litt for tidleg midtlivskrise? 

tirsdag 10. november 2015

Brot på trafikkreglar og korrupt(?) politi

Då har eg altså klart å gjennomføre mitt første straffbare brot på trafikkreglane i Mongolia. Eller, om det er det førte straffbare veit eg ikkje, men det er i alle fall første gong politiet har stoppa meg.

Eg skulle køyre ein kamerat frå New-Zealand heim etter me på privat initiativ hadde hatt litt mongolskundervising. Eg køyrde beint fram så lenge eg fekk beskjed på det, så plutseleg seier han at eg må køyre til høgre. Vegen til høgre ser klar ut den, det einaste var at eg måtte innom eit kollektivfelt i tre meter for å kome meg til høgre. Så eg køyrde i kollektivfeltet i tre meter.
Tjue meter lenger nede i gata sto ein av dei allestadsnærverande trafikkpolitifolka og vinka meg inn. Om han var sint eller blid var veldig vanskeleg å avgjerda. Engelsk kunne han i alle fall ikkje. Og det virka som han hadde ei tru på at mongolsk blir lettare å forstå dersom ein hever stemmen. Dette prøvde han i alle fall fleire gonger.
Eg skjøna såpass at han ville ha førarkort, "aliencard" og vognkort. Då han byrja å masa om mongolsk førarkort, i alle fall trur eg det var det han ville ha, for han peika på mitt norske og sa "mongol" gjentekne gonger, såg eg ingen anna råd enn å bruke første hjelpemiddel. Ring ein ven. Heldigvis svara den første venen og eg prøvde å forklare situasjonen, ho forstod sikkert halvparten av det eg sa, dårleg engelsk i trafikkstøy er ikkje alltid det mest lettfattelige språket. Politimannen fekk telefonen. Etter å ha snakka med politimannen ei stund, var i alle fall politimannen lei, for han gav meg telefonen tilbake medan eg kunne høyre ho framleis skreik i andre enden. Ho kunne fortelje meg at dersom eg betalte bota på 19200,- på staden ville eg sleppe å få inndratt førarkort, vognkort på bilen og liknande. Heldigvis hadde eg dei 80 kronene i kontantar.

Med ein gong politimannen fekk pengar mellom henda hadde han tydlegvis ikkje plass til noko meir der, for han slutta med ein gong med å skrive på det som såg ut som ei slik maskin parkeringsvaktene i Noreg bruka, og eg fekk førarkort, aliencard og vognkort tilbake. Kvittering, som den gode venen eg ringte sa eg måtte få fekk eg ikkje. Eg fekk heller ikkje vekslepengar på 20000 seddelen min. Men politimannen var tydelegvis flink til på passe på staten sine pengar, for han la dei rett i innerlomma. Etter han hadde fått det han skulle ha fekk eg det eg skulle ha. Trur eg. Det kunne høyrast ut som ei skjennepreik på mongolsk der han forklara meg at eg hadde gjort noko ulovleg. Kva gale eg hadde gjort veit eg ikkje. Til tross for at han prøvde å tydleggjere seg med å gjenta seg sjølv fleire gonger og å heve stemmen til eit ubehageleg nivå. Riktignok ikkje eit så ubehageleg nivå som før eg hadde betalt bota mi. Sympatisk mann.
Så etter denne kvelden sitt eg rett og slett igjen med to spørsmål. Kva i all verda for ein trafikkregel var det eg braut, og har eg rett og slett bestukke ein politimann?




Oppdatering: Det viser seg at eg rett og slett hadde svinga til høgre i eit felt det eigentleg berre var lov å køyre rett fram i så det kan faktisk hende at eg fortente å få ei bot. Årsaka til denne høgresvingen og tilnærma alt anna som er galt i trafikken var som alltid, kollektivtransport og då hovudsakleg buss. Det var fyrste gongen eg hadde køyrd denne vegen og det eg ikkje visste og ikkje kunne sjå på grunn av alt for mange bussar som stod alt for tett etter kvarandre var at det gjekk eit felt til høgre og inn på den vegen eg skulle litt lenger nede i vegen. Og difor var det ikkje lov å køyre til høgre i "hovudkrysset". Så då har eg eigentlig berre eit spørsmål, og det er om eg bestakk ein politimann?

søndag 1. november 2015

Vinterjakke

Kven hadde trudd at eg skulle byrje med moteblogging og den slags? Ikkje eg, men av og til må ein rett og slett gjere eit PR stunt. Så her kjem det rett og slett eit innlegg om den mongolske vinterjakka.

Mongolane skryt fælt av sine kalde vintrar. For meg som er oppvaksen på Noreg sin vestkyst og iallefall har opplevd vintertemperaturar ned mot sju plussgrader ser eg ikkje heilt kvifor førti minusgrader skal vera så skremmande. Men propagandaen til mongolane har tydelegvis virka, for eg fekk i alle fall kjøpt meg ei jakke som skal passe bra til den mongolske vinteren. Når eg seier kjøpt var denne prosessen litt lenger enn det som er vanleg i Noreg. Heime i Noreg ville eg visst at eg trengte ei jakke, gått inn i butikken, funne den første jakka som passa, kjøpt den og gått ut. Her i Mongolia var ting litt meir omstendelig. Først fekk eg og sjefen sjølv her i Ulaanbaatar nyss i at mora til ein av dei lokale sjåførane til NLM driv og syr slike jakker som er spesialtilpassa den mongolske vinteren. Så fekk me via andre lokale tilsette som kunne både engelsk og mongolsk forklart at me var interessert i å kjøpe kvar vår jakke.
Så plutseleg dagen etterpå var det fullt styr og me vart dregne ut i ein bil for å møte sydama i fabrikken hennar, som også for så vidt var leilegheita hennar. Me kom inn og måtte sjølvsagt drikke te og ete litt snop før me kunne kome til saken. Betre kundeservice enn det ein gjennomsnittleg norsk jakkebutikk har!
Plutseleg kom dama med ein jakke som allereie var ferdigsydd. Då den etter å ha blitt prøvd rettvegs og rongvegs på meg, fann ho ut at denne passa så bra til meg at ho ikkje trengde ta mål av meg for å finne ut korleis min skulle vera. Eg måtte berre velje fargar. Og stoff den skulle syast av. For meg som er estetisk blind og ikkje veit skilnaden på kashmir, silke eller gore-tex vart jo dette ei utfordring av dei sjeldne.

 Eg endte opp med den daglegdagse
egskalokkupereverdafråhesteryggen-
medpilogbuebrune fargen (fritt oversett 
frå mongolsk). Om det er positivt eller ikkje 
veit eg ikkje, men stoffet inneheld 40% kashmir.

Etter litt førehandsbetaling slik at stoff kunne kjøpast inn og byrja å bli sydd på fekk eg beskjed om at det ville ta eit par veker før jakka var ferdig. Noko som var meir enn godt nok, for temperaturane har framleis ikkje vore under minus ti, noko som strengt tatt er skjortever. Etter om lag to veker kom sjåføren som altså var sonen til sydama og sa "Jan, mongol deel finish". Deel (uttalast nokså likt del som i bildel) er altså det mongolske namnet på denne typen jakker. Og dei vert laga både til sommar og vinterbruk. Eg reknar med min er til vinterbruk. I og med at den er over tre kilo kan den bli noko tung å dra rundt på midtsommars. 

Eit anna føremon med denne jakka
eller deelen, eg kjøpte var at dersom
ein bruker den på ronga har den ikkje 
lenger den egskalokkupereverda-
fråhesteryggenmedpilogbuebrune fargen,
men ein fin noerverdaokkupertogdeterpå-
tidemedfestogfeiringblå farge. 

Sidan mongol deel finish, var det berre til å hive seg i ein bil og køyre til sydama. Denne gongen var det travelt, så til tross for at teen sto på kok var det ikkje snakk om at me hadde tid til å ta ein kopp i følgje sonen som også var sjåføren. Snop var det heldigvis tid til. God service! Då deelen vart prøvd på vart det fort klart at armane var rundt to cm for lange, dette var jo sjølvsagd heilt uakseptabelt for sydama, for armane skal rekke ned til det ytste fingerleddet, armane på denne rakk jo nedforbi fingertuppane mine. Sydama beklaga og sjåføren kunne oversetje og roe meg ned, litt merkelig at han måtte det i og med at eg ikkje kava meg opp, med at "margasj morning deel finish", altså at i morgon tidleg skulle deelen vera klar. To dagar etter fekk eg deelen og alt var framleis god steming! Og etter ein tur på svartemarkedet, ja det er faktisk eit stort marked som heiter det, var både belte og hatt i boks også. Mongolske vinterstøvlar må diverre spesiallagast då den største storleiken som er å oppdrive er 43. Så det får bli ein anna gong. 
Som eit plagg har ein deel ein viss mangel på bukselommer, men det blir ordna med at ein skal dra den godt ut over beltet, for då har ein plutseleg ei lomme i om lag same storleik som ein dagstursekk frampå magen. Praktisk. Det som også er praktisk er at det er to lag på framsida, så dersom ein går i motvind skal det ein de(e)l til å bli kald. Så denne trur eg skal halde for ein mongolsk vinter. Hadde det gått an å få den i Aalesunds Oljeklede sitt materiale hadde den sikkert vore brukbar til ein norsk vestlandsvinter også. 
For å dra ein konklusjon på denne motebloggen; dagens outfit - deel.  



søndag 18. oktober 2015

Kino

Kva skal ein einsleg kar på niogtjue år gjera når han byrjar å kjede seg i Mongolia ein laurdagskveld? Karaoke er jo det lokale tidsfordrivet, men denne karen valde kino. Dette er tydlegvis ikkje heilt vanleg i Mongolia, å gå på kino åleine, for då eg kjøpte billett var det ganske tydleg at eg var bere ein person, men likevel fekk eg plutseleg to billettar i hendene. Då var det tilbake i køen og prøve forklare på dårleg mongolsk at jo, eg skal faktisk på kino med meg sjølv. Kinoprisen for to vaksne var rett nok vesentleg billegare for to vaksne i Mongolia enn det er for ein i Noreg, men 8000 tugruk er 8000 tugruk, så det var greit å få dei attende.

I følgje filmplakaten skulle eg 
sjå "Marsin irgen" med Met 
Deimon i hovudrolla. Heldigvis
var filmen dubba til engelsk med 
mongolsk tekst, så det var mogeleg
å få med seg handlinga.

Aldersgrense på filmar ser det ikkje ut til at blir praktisert veldig strengt her. På sida av meg sat det i alle fall to born som såg ut til å vera rundt sju og ni år gamle. Om tekstinga til mongolsk var feil veit eg ikkje, men guten på sida av meg såg ikkje ut til å vera veldig oppteken av kva som skjedde på lerretet, det var viktigare med popkorn og å laga ulike rytmar med dei to flaskene brus han hadde med seg. 

Apropos popkorn ville eg og ha det. Det var kanskje
laga av mais dette og, men i staden for salt var det dekt
med eit halvklissete søtt belegg. 

Midt i filmen hadde sannsynlegvis rytmeguten på sida av meg fått nok væske i seg og noko måtte ut att, for han forsvann for ikkje å kome tilbake. Faren rekna nok med at han klarte ta vare på seg sjølv, for han vart sitjande. 


Men kinoen var bra den, i alle fall betre enn det 
ein del av den mongolske populærmusikken var for
mine vestlege øyrer på ein konsert eg var på for ikkje 
lenge sidan.

Hårklippefest

Eg var så heldig at eg fekk bli med på ein hårklippefest. Dette er ein stor dag, første gongen eit born vert klipt. Slik som eg har forstått det er det i 2-5 årsalderen dette skjer. Han som me fekk lov til å vera med å klippa var to år gamal. Mongolane sa han var tre, for dei tar også med året i magen til mora når dei skal bestemme alder. Uansett, me kom inn i geren der festen var. Ein ger er, som eg trur eg har skrive litt om tidlegare, det tradisjonelle "teltet" som mongolane bur i. Dette er rundt, laga av ull og har ein omn i midten og senger på sidene. Men sidan me no tross alt har kome til 2015 hadde denne geren også ein flatskjerm og dockingmogelegheiter for iPod.
Det er ikkje noko fast tidspunkt for ein slik hårklippefest så vertane hadde hatt vitjingar utover heile dagen. Så når me kom var me dei einaste der, men litt før me gjekk kom det ein familie eller to til. Men uansett, me kom inn og sette oss ned rundt eit bord som var så overlessa med mat, snacks og snop at ein konfirmasjon bleiknar i forhold.

Utsikt frå geren me vitja. Som ein kan sjå er det både
hus og gerar innanfor kvart gjerde. Dette var tilfelle
der som me var også, dei hadde både ein ger og eit 
lite hus. 62 prosent av befolkninga i Ulaanbaatar bur
i gerdistrikta som ligg rundt byen, rundt 40% bur 
faktisk i ger. 

Etter me hadde fått kvar vår kopp med melkete(te som er brygga på mjølk, gjerne kokt på krafta av eit bein og med salt i) vart airagen sendt rundt i ei skål og alle burde ta ein slurk frå den. Airag er omtrent som surmjølk, berre at i staden for kumjølk er det brukt hestemjølk. Dette er ein festdrikk som ein nok treng litt tilvenning til.
På bordet låg det kjøt i søkk og i kav, øvre halvdelen av ein sau, noko som likna på bacon men berre var tørka, ikkje røykt eller salta og fleire typar pølser i tillegg til potetsalaten, frukten, sjokoladen, osb. Men dette var jo sjølvsagd berre snacksen sjølve maten kom etter kvart. Ei suppe som likna på ein mellomting mellom tomatsuppe, betasuppe pluss andre ting(Den var god!) og etter suppa akkurat hadde blitt kald nok til å ete kom dei også med nysteikte huushuur.
Før me verkeleg fekk byrja å hive innpå med mat kom bestefaren til guten som skulle klippast. Han hadde med seg ei slags lita steinflaske med noko eg trur må vera luktesalt, og det var eit form for rituale der han på ein høgtidleg måte gav denne flaska til ein av gjestene, gjesten måtte lukte og høgtideleg overrekke flaska til bestefaren igjen. Og slik gjekk det fram og tilbake til alle hadde fått lukta på luktesaltet.
Etter me var god og stappmett var det tid for sjølve klippinga. Guten som skulle klippast var trøyt etter tidenes lengste frisørtime, frå klokka ni på morgonen til klokka no var nærare sju hadde han måtte finne seg i at folk som på ingen som helst måte var utdanna frisørar gjekk laus på håret hans med saks. Så han låg fint på senga inne i geren og var klar for å bli klipt. Då førstemann stod klar med saksa i eine neven og luggen i den andre, vart me stoppa. Først var det tid for mjølk. Denne gongen også ei skål med mjølk som alle måtte ta ein slurk av, heldigvis var dette vanleg kumjølk. Etter alle hadde drukke dyppa faren til guten ein finger i skåla og strauk mjølk i panna på guten.
Klippinga gjekk fort føre seg, ein klipte av ein lokk, la den i ein pose og la meir eller mindre diskret pengar i ein anna pose. Her var det viktig at pengane var nye og fine å sjå til.
Ei kanon oppleving av "det ekte" Mongolia!

fredag 16. oktober 2015

Bak lås og slå på grunn av tyskarane

Då har eg opplevd det som eg har høyrd besteforeldregenerasjonen min fortelje om. Å bli bura inne på grunn av tyskarar. Og det utan rettssak eller dom. Det var nok verre forhold og lengre opphald dei fekk, men eg vart i det minste forseinka. Eg var til fots på veg til den internasjonale skulen som borna i familien Haug går på. Der var det nokre internasjonale dagar og denne kvelden skulle alle dei forskjellege nasjonane stile med mat frå heimlandet sitt. Når det er mogelegheiter for mat er eg som kjend ikkje vond å be. Då eg kom ut syntes eg det var noko merkeleg med alle politifolka som stopp oppstilt langs vegen, men eg skulle ikkje gå langt før det kom ein politimann i sivile klede og sa noko til mongolen som gjekk to meter framføre meg. Dum som eg var spurde eg om han kunne engelsk og forklare kva som skjedde. Det som skjedde var at han peika halvbryskt lenger oppover gata og gestikulerte for å få meg til å gå. Då eg kom tjue meter lenger opp i gata stod det ein politimann og vinka meg inn bak ein gitterport.

Alle fotgjengarar i synleg avstand
vart geleida inn porten før den vart
forsvarleg lukka og vakta av to 
politimenn. Ein uniformert utanfor 
porten og ein sivilkledd innføre porten.

Ein av mine cellekameratar i dette høgst provisoriske fengselet kunne heldigvis engelsk og kunne forklare at det var kona til den tyske presidenten som skulle på ein middag inne i sjølve byen. Dette var då god nok grunn til å sperre trafikken frå presidentpalasset til sentrum, bure inne alle fotgjengarar og utplassere politifolk kvar femtiande meter. Berre sånn for å vera på den trygge sida. Heldigvis var fengselsopphaldet kort og etter vel eit kvarter kom presidenten si kone forbi i ein av dei fem bilane som passerte, så då kom eg meg på internasjonal middag. Fem middagar og tre dessertar var heilt ok for å bli akklimatisert til samfunnet etter fengselsopphald. 

Sundagstur

Sundag som var bestemde eg meg for at no var det tid for å kome seg ut i frisk luft, litt vekk frå byen. Eg hadde blitt tipsa om eit bra turterreng litt sør for Ulaanbaatar, så uoppfinnsam som eg er køyrde eg opp til ein parkeringsplass der. Då eg skulle byrja å gå fekk eg eit lite sjokk. Ulaanbaatar ligg på vel 1200 meters høgde, så kvifor i all vera skulle det då vera naudsynt å gå på motebakke for å kome seg til fjells? Heime er fjella allereie ganske høge dersom dei er på 1200 meter.

Denne karen traff eg på botnen av brekka. Anten skjøna
han ikkje norsk, eller så lata han som han ikkje skjøna det.
Han ville i alle fall ikkje bera meg opp til toppen.


Til tross for at det allereie hadde vore eit par snøfall var denne dagen varmare enn ein gjennomsnittleg sommardag i Noreg. Varmare enn 12,5 grader er kanskje ikkje så imponerande, men med stilleståande luft og ei steikande sol var det nok nærare 25, om ikkje enno varmare, i sola. 
Men med friskt mot og nye skor gjekk eg på. Det kunne no ikkje vera så langt til toppen, eg hadde jo køyrd bilen opp til om lag 1500 meters høgd før gåinga byrja. Det var langt til toppen. 
Etter rundt 150 meter slak motebakke lura eg på om eg hadde fått kols. Sveitten rann og pusten gjekk som luftbelgar på ein salmesykkel, der belgane var punktert ein gong på femtitalen og ikkje har vorte reparert seinare. Det at det blir om lag 1% mindre oksygen i lufta pr. 100 meter ein går oppover i terrenget frå havoverflata kan eg jo også late som spelar ei rolle. For meg som er oppvaksen på vestlandet, der det regnar såpass mykje at det til tider virkar som om me er under havoverflata, vil det altså seia at eg må legga på litt i det normale oksygeninnhaldet i lufta også. 
Men kunne mongolar i lakksko og dressjakke klare dette skulle forsyne meg eg og klare det. 
Det var faktisk mongolar i lakksko der, men med så mykje folk som var på veg opp fjellet her hadde det nesten vore merkelig om det ikkje hadde vore det. Det var fleire folk som skulle på tur her enn det bur i ein norsk bykommune. 

Etter at eg hadde diagnostisert meg 
sjølv med kols og byrja så smått å
lure på om eg hadde fått høgdesjuke
såg eg bevis på at mongolane er 
smarte folk. Kvifor gå når ein kan kjøre?

Heldigvis kom eg etter kvart inn i skuggen av trea, og her låg forsyne meg snøen på bakken. Fascinerande med midtsommar og vinter hundre meter frå kvarandre. Oppover isete stiar var det god underhaldning å sjå på lakkskoentusiastar som prøvde å gå ned. Trur kanskje ikkje lakksko er den nye fejllskoen. 



Då det er så mange som har vanlege dyr i Mongolia
må ein ha noko spesielt for å skilje seg frå mengda
her. På dette biletet ser me ein ung mann som luftar
riskokaren sin.

Etter det som kjentes ut som ein vondt år (noko det ikkje kan ha vore i og med at eg er eittåring her, og hadde det vore eit år hadde eg mista flyet mitt heim), men klokka sa var om lag to timar med motebakke kom eg omsider opp på flatmark  på 2000 meters høgde. Det var ei stor slette her, men ikkje heilt det eg forbind med rolege sundagsturar. Det såg ut som samtlege av dei vidaregåande skulane i Ulaanbaatar hadde bestemd seg for å gå på fjelltur akkurat denne dagen. Og med seg på turen hadde dei eit høgtalaranlegg som hadde blitt for voldsomt for Brann stadion. Så det var ikkje mogeleg å ikkje legge merke til dei. Så sidan dei var til høgre når eg kom opp til sletta gjekk eg til venstre, greit å kunna gå ein tur på stien og høyra skogens ro av og til.

Etter å ha gått såpass langt at eg berre høyrde dei verste skrika i mikrofonen var det tid for lunsj. Godt planlagt som denne turen var vart det ein halv boks med peanøtter som strategisk nok hadde fordelt seg rundt i heile sekken min og gåver frå ein norsk folkehøgskuleklasse som nett hadde vore på besøk.  

 Den eine gåva frå folkehøgskuleklassen, eller læraren
deira for å vera heilt nøyaktig, var ein merkeleg 
blåbærsmoothie. Trur det var om lag 75% sukker 
to blåbær og resten fargestoff i denne. 

 Den andre gåva, verd si vekt i gull var nok til å få
kven det skulle vera til å få heimlengsel! 

Sidan eg har vore på ein del turar i skog og mark før hadde eg sjølvsagd ikkje med meg sitjeunderlag. Eit par hanskar fekk vera meir enn nok. Etter ti minuttar og ein gjennomvåt shorts var lunsjen fortært og det var tid for avmarsj. Sidan det å gå på stiar som er god brukte og går an å sjå fort kan bli litt keisamt, valde eg å prøve finne min eigen veg. Ikkje ein utelukkande suksess.

 Her har ein snill person tatt med seg ein sko opp ei 
forferdeleg brekka og vore så snill å setje den igjen
tilfelle nokon andre som kjem gåande skulle miste
sin eigen sko. Omtenksomt! 


Etter å ha gått eit par hundre meter innover skogen såg eg plutseleg at det byrja å hagle konglar frå eit tre. Etter nøye studering såg eg til slutt at det stod ein vaksen mann oppe på ei grein som såg faretruande ut som den skulle gje etter og kasta konglar ned. Litt spesielt, men jaja. Etter hundre meter til høyrde eg noko banking inne i skogen, nyfiken som eg er måtte eg sjølvsagd sjå kva dette var for noko. Det viste seg at dei konglane som første mann heiv ned inneheld nøtter som visstnok skal smaka godt. Så her var det ein heil gjeng i arbeid med å knuse konglane å sile ut nøttene. Heldigvis kunne ein av kongleknusarane litt engelsk og han kunne fortelje meg at det var mogleg å gå ned til bilen den vegen eg var på veg. Som han sa "One road this way, then crossroad". 

 Kongleknuseogsorteringsplass.

Eg gjekk på stien som tydelegvis heitte "One road this way" ei stund, traff på fleire konglesamlarar og delte ut smørbukksjokolade så godt eg var kar for. Plutseleg såg ein smal og ikkje alt for godt oppgått sti som gjekk nedover den sida av fjellet som eg ville. Så eg rekna med at dette var den berømte "crossroad". Det var det tydlegvis ikkje.


Nedetter crossroad traff eg på denne rakkaren. Etter
å ha sunge dei 19 versa i Kråkevisa for å informere om 
kva som ville skje dersom den prøvde seg fekk eg sleppe 
forbi utan noko større problem. 

Etter hå passert kongleindustriområdet bar dett rett i uføret. Den berykta "Crossroad" var nok sannsynlegvis ikkje der som eg gjekk. Der som eg gjekk var det meir steinur, til tider tett underskog(som alltid er behageleg når ein går i shorts og småsko), og brattare enn preikestolen. Min teori på korleis stien eg prøvde følgja hadde oppstått er at det er mange lågtflygande fuglar i området.


Meir dyreliv. Uheldigvis var dette ekornet såpass 
oppegåande at det skjønte det fort hadde blitt nistemat
for ein nordmann på villspor dersom det hadde 
kome nærare. 

Etter ein time eller to med fjellklatring nedover kom eg inn ca halvvegs på den stien eg hadde gått når eg skulle opp på fjellet. No hadde sola gått såpass mykje ned at temperaturen hadde gått greitt under frysepunktet. Noko som var greitt i og med at eg slapp å sveitte. Det som ikkje var så greitt var at det som hadde vore gjørme når eg gjekk oppover no var brun stålis som såg ut som gjørme. Etter eit par hundre meter vil eg tru at alle som kom gåande bak meg trudde eg hadde måtta såpass mykje på do at eg ikkje hadde hatt tid til å trekke ned shortsen. For stålisgjørma hadde sjølvsagd eit tynt lag på toppen som ikkje var frose, så når ein først gjekk på ræv såg det ut som ein hadde fått i seg noko mat ein ikkje heilt hadde tålt. 

Men vel nede igjen må eg jo sei at det var ein fin tur. Neste gong tvinger eg med kamelen. 

tirsdag 13. oktober 2015

På vitjing til Khanen sjølv!

For eit par veker sidan fekk eg beskjed om at så lenge eg hadde eit såkalla romvesenkort (alien card) og eit norsk førarkort kunne eg køyre bil i Mongolia. Denne nyhenda måtte jo sjølvsagd feirast med å reise på tur å besøke Djengisen sjølv. Eg tok med meg ein kar frå New-Zealand til kartlesar og avgarde for me på det eg har blitt fortald er ein av Mongolia sine farlegaste vegar. Kor farleg den eigentlig er vei eg ikkje, men etter fire minutt såg me den første bilen som hadde køyrd av vegen og på veg til Djengis måtte alle hjula på bilen låsast to gonger for å unngå frontkollisjon med bilar som kom i mot og syntes det var ein god ide å køyre forbi rett før ein bakketopp eller i ein sving.

Men me kom oss no fram. Og at dette er den største statuen i verda av ein ridande mann var ganske greitt å sjå.
For meg ser det ut som det også må vera den 
blankaste statuen av ein ridande mann i verda.

Ikkje nok med at dette var den største statuen av ein ridande mann i verda. Inne i sokkelen var og den største mongolske støvelen i verda. Og sikkert den største mongolske pisken i verda, sidan det visstnok var på denne staden Djengis fann ein pisk som han tolka som eit signal på at han skulle okkupere heile verda. Det var altså før statuen var bygd Djengis fann pisken. 

Hadde eg fletta håret, fått litt større viker i hårfestet,
tatt på meg ein hjelm og rustning, drukke eit par liter sølv, 
tatt eit par plastiske operasjonar, samt sett meg på ein hest 
hadde me vore om lag som einegga tvillingar.  


Fascinerande plassering av statuen. (klikk på biletet
for å få det større). Frå hovudet av hesten kan ein sjå
at det er temmeleg midt i ingenmannsland.

Etter å ha sett oss rundt på hovudet til hesten til Djengis og i museet i kjellaren tok me oss ein tur opp i fjellsida på andre sida av dalen for å sjå om me kunne sjå statuen frå den sida og. Heldigvis er det eit såpass praktisk vegnett i Mongolia at dersom det ikkje går ein veg dit du skal, så er det berre til å kjøre dit likevel. Så me slapp å gå opp på fjellet for å sjå om me såg statuen. Men for dei som lurte, me såg statuen frå andre sida av dalen også. 

Det lokale dyrelivet har sett seg lei på statuen, så
dei ser heller andre vegen. 

Til tross for at eg i kontrakten for
å vera her skreiv under på at eg ikkje
skulle innleia noko kjærasteforhold
prøvde eg meg på eit lite frieri. 
Ho ensa meg ikkje ein gong. Ville heller
sjå bort på Djengis heile tida. Sikkert 
berre fordi han har hest og er laga av 
rustfritt stål. Typisk. 

Etter mislykka frieri og nysteikte khushuur(frityrsteikt deig med sauekjøt og litt løk inni) og salt melkete i ein ger langs vegen, som forøvrig hadde fleire fluer på besøk enn det eg har sett i Mongolia og Noreg til saman før, var det på tide å køyra heim att til Ulaanbaatar igjen. Denne vegen var det berre ein gong ein forbikøyrar hadde lyst å frontkollidere med oss, så det er framskritt! Og ein fin tur var det! 


Kyrkjejubileum i vekesvis

Mongolar kan det å feire. Når Bayariin Medee, NLMs samarbeidskyrkje i Mongolia har tjueårsjubileum er det ingen unntak. To helger på rad brukte dei på feiringa! Den første helga var det fest og basar(utan basar) på, av alle stader, kommunistpartiet sitt hus. Festgudsteneste og så festmiddag. Grunna eittåringsoppgåver fekk eg ikkje med meg festmiddagen, den tok eg og misjonærborna på restaurant i staden for. 
Storfint talarbesøk frå Noreg! Hjalmar Bø kom på 
vitjing.

Etter eit par timar med Gudsteneste, der det heldigvis var råd å forstå preika sidan den vart halde på engelsk og tolka til mongolsk var det tid for song og musikk. 

Det rosa koret var bra. Mannen i bakgrunnen med 
hestefele heva og stemninga på korsong!

Sidan denne festgudstenesta og festmiddagen vart halde ein laurdag, måtte ein sjølvsagd utsetje festgudstenesta i kyrkja til neste sundag. Då var det på igjen med den nyinnkjøpte tvangstrøya/dressen og joggeskoa, det er nemleg umogleg å oppdrive større storleik på finskor enn treogførti, så då vart det nesten nypussa joggesko frå Nike. I og med at dei er mindre enn to år gamle går det for finklede i mi bok. (Er du ikkje einig mamma?)   

Men uansett, sundagsfestgudsteneste vart det helga etterpå.

Denne gongen var preika på mongolsk, så det var 
litt verre å få med seg innhaldet. Men eg trur han 
nemnde Gideon, så det kan jo ha vore ein peikepinn.
Eg fekk i alle fall lese ein del av Domarane i løpet 
av preika.

Etter preik, nattverd, kollekt og lovsong var det tid for matpause og fotografering. Maten var framifrå, kjøt med sos og ris er som regel ein sikker vinnar. Einaste som kunne vore betre var om dei hadde skjøna at ein salat ikkje har noko som helst med eit middagsmåltid, eller noko anna måltid for så vidt, å gjera. 
I god stil var det sjølvsagd underhalding etter måltidet var avslutta, då eg som nemnd tidlegare ikkje er heilt stø i mongolsk var det noko vanskeleg å skjøne det som skulle vera morosamt. Men det rosa koret song, dei var flinke denne gongen og. 

Eg var tydlegvis ikkje den einaste som sleit litt med
språket i underhaldinga, desse karane valde å gå ut
og spela fotball, både med og utan deel(tradisjonelt
mongolsk plagg). 

Så når dei for eit tjueårsjubileum i Mongolia har ei feiring som varer over ei veke, må eg sei eg gler meg til neste jubileum på eit av bedehusa i Noreg som har bikka hundre! 

onsdag 30. september 2015

Dyr kylling og mange måltid

Ein skulle ikkje tru at det å bestille kylling på KFC skulle vera vanskeleg. Til tross for at eg ikkje er akkurat flytande i Mongolsk. Vanskeleg var det heller ikkje, men det skulle vise seg at det var  lett å få meir enn det ein trudde ein hadde bestilt.
Denne soga byrja ein haustdag i Ulaanbaatar. Eg hadde vore å gått nede i sentrum ein tur, berre for å slå i hel litt tid. På veg heimover tok svolten overhand og ein KFC såg forlokkande ut. På menyen stod det eit val som var 15 pieces, eg tenkte jo at om det var femten kyllingvinger eller femten nuggets var ikkje så veldig avgjerande, i lag med litt brød ville det jo bli eit passande måltid uansett.
Noko eg reagerte litt på var prisen. 38000 tugruk syntes eg no var voldsomt dyrt når kassadama spurde etter dei. Men grunna kø, at eg hadde brukt opp mi tid med kassadama då eg prøvde å bestille maten og ein gnagande svolt betalte eg og stilte meg opp for å vente på at nummeret på mi kvittering vart ropa opp.
Etter ein halv mannsalder var det omsider mitt nummer som vart ropa opp, men eg kunne ikkje heilt skjøne det i og med at mine 15 kyllingvinger eller nuggets, var pakka oppi den største bøtta eg nokon sinne har sett, om ein då ikkje tar med dei 200 liters plasttønnene som eg ein gong var med å laga ein flåte med.(I følgje det eg lærte i norskundervisinga på ungdomskulen er overdrivingar eit akseptert verkemiddel innan norskfaget) Eg skjøna at prisen kanskje ikkje hadde vore så stiv likevel viss det var dette eg fekk. Middag, kvelds, frukost, lunsj, middag og kvelds i ei vending.

Tre kyllingfarmar, der kyllingane fekk utelukkande
anabole steroidar å ete gjekk med for å lage dette(desse) 
måltida. 


tirsdag 15. september 2015

Den fyrste drosjeturen på eigenhand

Fyrst og fremst, Mongolia har det beste drosjesystemet i verda. Det er eg overtydd om. I alle fall frå eit forbrukarperspektiv. Samtlege bilar som køyrer er i utgangspunktet drosjar, det einaste det kjem an på er om sjåføren tenkjer det er ei grei inntekt å ha eller ikkje. Og om du snakkar nok mongolsk til å kunne forklare kor du vil.

Lengre kø med ledige drosjar enn dette finn du ikkje
andre stader enn utanfor Flesland ein roleg føremiddag.

Men uansett, grunna ein litt uroleg mage(les: til tider eksplosiv rennaræv), som det heiter på fint tenkte eg at eg skulle prøve meg på noko vestlig mat i dag, så kva passar då betre enn ein philly cheese steak på restauranten med det velklingande namnet California? California ligg eit stykke frå der eg bur, men eg tenkte at eg skulle prøve noko som eg har lese skal vera bra. Skal du bli kjent ein plass bør du gå. Dette var ein dårleg plan. Sidan eg ikkje var kjent frå før av klarte eg sjølvsagt ikkje å gå rett veg med det fyrste. Etter ein strafferunde på tre kilometer med telefonhjelp og turistinformasjon som ikkje kunne vegen(eller ho kunne vel vegen men eg nekta å høyre etter grunna litt haltande engelsk.) kom eg omsider fram. Då maten var unnagjort var jo det store spørsmålet, korleis skal 130 kilo stril som nett har ete tidenes største middag og allereie er lei av å gå kome seg heim att? Sidan det no var drosjetaking me gjekk gjennom i mongolskundervisinga i dag tenkte eg at her får eg endeleg ei moglegheit til å briljere med nyerverva kunnskap. Det som kanskje burde uroa meg litt var at eg framleis ikkje hadde gjort leksene mine og i alle fall ikkje hugsa meir enn halvparten av dei naudsynte glosene for å ta drosje og forklare kor eg skulle. 

Nokre av drosjesjåførane vel å ha ein dekor på 
nakkestøttene som me i Noreg kanskje vil finne litt
spesiell.

Eg stilte meg opp langs vegen og rette ut handa, dei første fem drosjane såg ut til å vera opptekne sjølv om det kun var sjåfør i dei, for ingen av dei stoppa. Det kan og hende at dei hadde hatt ein lang dag i anna arbeid og difor såg på drosja som sin privatbil dei berre ville køyre heim med. Men den sjette bilen stogga. I tillegg til sjåfør var det ei mor med eit lite born som sat i framsetet, om dette var ei familiebedrift eller om det var ei oppsamlingsdrosje som berre tok med alle på sin veg hadde eg diverre ikkje nok mongolskkunnskap til å finne ut av. Men problemet kom i alle fall no. For kor skulle eg? Leilegheita eg bur i no er rett på sidan av det mongolske landslaget i fotball sin stadion, så eg prøvde meg lett og ledig på å sei "stadiåån". Heldigvis var dette ei av dei glosene mongolsklæraren min hadde fortald meg som eg hugsa, og sjåføren nikka fint. Interkulturell kommunikasjon er tydelegvis ikkje noko ein treng å gå på høgskule for å lære. litt verre vart det då me kom til eit kryss som i og for seg hadde gått bra om sjåføren tok av i, det hadde berre blitt litt lengre å køyre. Og sidan eg blanda uttrykka for "fortsett rett fram" og "sving til venstre" var det rett før eg hamna på feil veg. Men heldigvis var dette ein relativt liten bil og eg har litt lengre armar enn ein gjennomsnittleg mongol, så med nok eit døme på kor enkel interkulturell kommunikasjon kan vera rette eg handa mellom mora og bornet på høgre sida og sjåføren på venstre sida og klarte å få peika og kommunisert at han måtte rett fram. At han hadde sett på blinklyset og lagt seg i det feltet som skulle ta av til venstre var ikkje noko hindring. I alle fall ikkje for andre enn dei bilane som kom bak. Men dei gav si fulle støtte til sjåføren som nytta angreretten og viste det med mykje sympatisk tuting og fløyting. Heldigvis skulle me til venstre i neste kryss, så då fekk eg bruke den frasa eg hadde rota til i førre kryss. Det er dei som meiner at drosje i Noreg er dyrt. Dersom ein berre ser på verdien som er trykt på pengane er ikkje det heilt sant. For 4,2 kilometer måtte eg ut med 3000 Tugruk. Men dersom ein skal byrje å rekna på kursar og den slags er det ikkje veldig gale med 12 kroner for nesten ei halv mil i drosje. 

mandag 14. september 2015

Førsteinnlegg og førsteinntrykk

Mongolia. Ca. 3 månadar etter eg for første gong lurte på om dette kunne vera staden å vera i år er eg her faktisk. Kven skulle trudd det? Og det som meir er, eg flytta frå Noreg som kanskje ikkje har ei veldig tett befolkning til Mongolia som etter det gjetordet seier skal vera det tynnast befolka landet i verda. Etter det førsteinntrykket eg har fått, tar gjetordet feil.


Opphaldsstaden min i sommar, ikkje så veldig mykje
folk å sjå. 

Der eg bur no, litt fleire folk å sjå.

Men uansett, at det var Mongolia eg hadde kome til vart temmeleg raskt klart for meg då eg vart henta på flyplassen. Ca to minuttar i bil frå flyplassen, 20 meter frå "motorvegen" gjekk det ein laus hesteflokk å beita. 

Eit anna hint om at det var Mongolia eg hadde kome
til, er til dømes denne geren(tradisjonelt mongolsk
telt) som står midt inne på ein parkeringsplass. 

Velkomsten eg fekk her var særs bra, etter å ha blitt henta på flyplassen av hr. Haug bar det rett til eit motbakkeløp for å få utsikt over Ulaanbaatar. Eg som lenge har skrytt over å ha den dårlegaste kondisen i NATO kan no også med relativt stor tryggleik sei at eg har også den dårlegaste kondisen utanfor NATO.  Men utsikta var bra! 
Etter å ha fått ein liten kvil i leilegheita mi kom hr. Haug og eine sjåføren til NLM for å hente meg. Sjåføren gav meg eit blikk, gjekk ned i brytarstilling og sa "SUMO!" Eit godt utgangspunkt for framtidige fritidsaktivitetar som ikkje blir hindra av språkproblem! Etter eg ein dag på kontoret slengde han inn i ei døropning har diverre ikkje høvet kome for vidare utprøvingar av bryting, det som må vera den mongolske nasjonalsporten. Elles må det seiast at dei eg har treft på av både nordmenn og mongolar ser ut til å vera kjekke folk, så dette kan bli bra! 

Den mongolske humoren fekk eg og raskt stifta kjennskap til. Dei er openbert glad i såkalla practical jokes, for i leilegheita mi er alle kranene slik at dersom du treg kranen mot det raude merket kjem det kaldt vatn, og dersom du dreg den mot det blå merket kjem det stundom varmt vatn og stundom ingen vatn. Det at det ikkje kjem vatn er stort sett berre når eg skal dusje. Når eg skal pusse tenna virkar det varme vatnet mot det blå merket utmerka. Kvar dag. Ser for meg at det er ein rørleggar ein eller anna stad her i Mongolia som ler godt! Ein anna form for practial joke som eg fekk kjennskap til var når eg skulle byrje å læra bittelitt språk. For i det kyrilliske alfabetet, som vert nytta her, blir plutseleg B uttala som V, H som N, X som H osb. Dei set pris på ein god spøk! Men andre ord har dei heldigvis betre skikk på, banan vert kalla banan, appelsin for appelsin, kiwi for kiwi. Berre synd at dette er frukt og dermed ord eg aldri kjem til å få bruk for. 

Elles må det jo seiast å vera ganske eksotisk når det
som heftar ein vekk på kyrkjevegen er den transsibirske 
jernbana. Den har i alle fall ikkje eg blitt hefta av på
veg til kyrkja heime i Noreg. 

Men sidan mongolskleksene kallar kjem det no ei rask oppsummering av det eg ikkje har tid til å skrive utfyllande om i dag. Kjekke folk på generell basis, gler meg til å bli betre kjend med dei! Kjekt å læra mongolsk, men ekstremt slitsomt. Ser fram til å bli ferdig med det såkalla "overlevingskurset" i mongolsk og byrje på dei eigentlige oppgåvene mine her. Har det på generell basis bra her, men ser fram til å få sett noko meir enn Ulaanbaatar og gjort noko anna enn prøve å pugge språk.