mandag 12. desember 2016

Kamel i solnedgang

Eit par vener her i Ulgii skulle ut for å sjå til nokre foreldrelause born dei har hatt litt kontakt med. Eg fekk spørsmålet om å bli med, og det ville eg sjølvsagt.
Me tok laus frå Ulgii til eit lite "kommunesenter" eit godt stykke utføre Ulgii tidleg på morgonen. Eller det skulle vera tidleg på morgonen heilt til både eg og dei andre forsov oss. Veldig praktisk med synkronforsoving, trur eg må arbeide for at det skal skje oftare. 
Uansett i bilen på veg ut snakka me om å vitje ein amerikansk statsborgar som bur og arbeider i kommunesenteret. Utlendingane eg var med ut(eller var dei med meg sidan det var eg som køyrde?) tenkte at det kom til å ta om lag ein halvtime å vitje dei foreldrelause, drikke litt te, gje dei nokre skjerf, litt mat og spørje om det var noko anna dei trong til i vinter. 
Då me kom dit var det stor stemning, borna som er i alderen 14 og nedover til den yngste som eg ikkje fekk med meg kor gamal er, vart glad for å sjå att dei utanlandske venene sine. Så at det kom til å ta ein halvtime gjennomskoda eg raskt. 

Dei hadde også besøk av eit par lokale kristne damer som såg litt til dei innimellom. Men elles bur dei altså tre born, åleine i ein ger(telt laga av ull). At dei no fekk storfine gjester heilt frå Ulgii var tydelegvis gjevt. For plutseleg var me på veg til den lokale pastoren for å verta synt fram for han. Han var ikkje heime, men kona var heime så me måtte berre kome inn å få te mens me venta. Pastoren var på landsbygda, men kom tilbake på motorsykkel då han høyrde at han hadde fått gjester. Her kom ein av dei andre utlendingane med ein interessant observasjon. For folk i Ulaanbaatar er Ulgii landsbygda. For folk i Ulgii er kommunesenteret me reiste til landsbygda. Men til og med i utkanten av dette kommunesenteret hadde dei ei landsbygd. Med min norske bakgrunn kan eg nok berre seie meg einig i den siste definisjonen på landsbygd. Er det meir enn ti menneske som bur der, er det jo jamngodt med ein by. 

Men uansett, etter nokre koppar te og nokre stykke med frityrsteikt brød kom ein eldre blind mann. Han var ein tidlegare sjaman, men hadde no vorte kristen. Så ein kan jo spørje seg om han faktisk ser betre enn mange andre til tross for at auga hans ikkje virka... 
Etter meir te og meir frityrsteikt brød kom sonen i huset heim. Etter meir te og tissepausar kom pastoren omsider heim. Då ingen av dei kunne engelsk, berre fire-fem andre språk(Uutdanna folk, altså!) var det litt språkproblem. Dei andre utlendingane som var der kunne heller ikkje mykje lokale språk. Så då vart eg, som kan nok mongolsk og kasakk til å bestille mat, fortelje kva familien min heiter og at dei bur i Noreg, og fortelje drosjesjåføren at han skal svinge til høgre, utnemnd til tolk. Takk og lov for godvilje, tolmod og ordbok på mobiltelefonen. 
Etter om lag ti minutt med prøving og feiling og misforståingar vart det klart at dei hadde lyst å ta oss med til elva for å syngje lovsongar og be. Heilt sjef. Berre synd med dei tjue minusgradene og vinden. Men det såg ikkje ut til å hefte planlegginga til dei lokale, så då kunne me berre takke og bukke og bli med. Etter to turar fram og tilbake, med overlast i bilen kvar gong, var omsider alle på plass ved elva. Dei andre valde å gå over elva, som trass tjue minusgrader ikkje var frosen. Eg hadde småsko og valde derfor å køyre over elva. Noko som virka som ein god plan, heilt til seinare då eg oppdaga at vatnet hadde fått bremsene til å frysa og at det var bortimot umogeleg å stoppe bilen. Men det og gjekk seg til etter kvart. 

Tilbake til synginga. Den blinde mannen var ein kløppar på gitar, så dei drog til med ein song på lokalspråket. Det at pastoren var dreven på tostemd strupesong, gjorde det heile enno betre! Uheldigvis kunne ingen av oss utlendingar spele gitar, og eg kan ikkje så mange engelske songar, så  då det var vår tur til å syngje vart det eit lite opphald. Me landa til slutt på Amazing grace, som eg utruleg nok kunne betre enn dei andre utlendingane, der enkelte har engelsk som morsmål. Det at me gav oss etter to vers og at andre verset var ein kombinasjon av tre ulike vers, merka heldigvis ikkje dei lokale. Og heldigvis kunne det sjå ut som om den songen er omsett til lokalspråk, dei song i alle fall med. Sjef!

Dei hadde lært seg å syngja Amazing Grace , synd 
dei ikkje hadde  lært seg å ha ikkje-pikselerte andlet. 

To songar var nok. Etter det var det for kaldt og folk ville inn att og varme seg. Så to turar med overlast i bilen seinare var me tilbake med geren til den lokale pastoren. 
Til saman hadde heile opplegget tatt om lag fire timar og tretti minutt. Ikkje tretti minutt som planen var. Og med ei sol som går ned tidleg og eit par timar køyring på lokale vegar, spor og instinkt, var det på tide å vitje amerikanaren i byen. Men pastorkona hadde jo laga mat til oss. 
Me fekk snakka oss til å få vitje amerikanaren i om lag tretti minutt, for så å kome opp att til pastoren når maten var ferdig. Så etter ei rask vitjing til amerikanaren som hadde venta heile dagen, men heldigvis kjenner til lokalkulturen var det mat å få. Ganske artig når dei andre utlendingane som var med ikkje et kjøt, og kjøt er omtrent det einaste ein får til mat i dette landet. 
Men ein full mage og litt te seinare kom me oss omsider avgårde, og bra var det. For rett etter avreisa kom tittelen på innlegget. Kamel i solnedgang.

Kamel i solnedgang.

Vinsjan på kaia og ei anna forteljing

Vinsjen var på ein Land Cruisar, ikkje på ein kai. Men Land Cruisar og Cabin Cruisar har like nok namn til at den delen av hjernen min som prosesserar dårlege ordspel plukka det opp. Derfor ei maritim overskrift. At D.D.E har ein song med eit relativt likt namn, har ingenting med saka å gjera.

Ein amerikanar eg har vorte kjend med her i Ulgii fekk besøk av bror sin. Då eg og denne amerikanaren har vore på fjelltur i lag før, hadde han lyst at bror sin skulle få seg ein fjelltur også. Sjølvsagd utan å gå. Etter å ha vore på toppen av eit par småfjell kom me til eit litt større. Den eine amerikanaren utrykka litt skepsis til om det var mogleg å køyre opp dette. Tre år i hovudet, som eg er, var jo dette ei heilt klår utfordring. Utfordringar må svarast! Eg skal ikkje seie at det er det brattaste eg har køyrd ned, men det var definitivt det brattaste eg nokon sinne har køyrd opp. Midt i lia med eit underlag av grus og småstein oppdaga eg til mi store fortviling at andre gir i lågserien var litt for høgt. Det å gire ned til første kunne bli litt problematisk då me på den tida girskiftet ville ta, kom til å byrja å trille baklengs ned ura. Hadde det vore femten meter ned hadde ikkje det vore eit problem. Firehundreogfemti er derimot litt verre. Så bremsene måtte brukast. I verste fall hadde det blitt ein lang ryggetur. Men eit anna problem kom då eg hadde fått gira ned i første gir og skulle ta laus igjen. Laust underlag og bratt bakke kan føre til spinning. Og ikkje av den typen folk går på treningssenter for å gjera. Meir av den typen attenåringar i sin flett nye, tjuesju år gamle, Volvo 240 tømmer olje på bakdekka for å gjera. Men heldigvis kom denne båten med differensialsperrer både framme og bak, så etter litt knoting var me på veg igjen. Og me kom oss faktisk opp. No kan det vera du lurar på kor vinsjen kjem inn i biletet. Då må eg skuffe deg og seie at det heile dette ekstremt lange avsnittet vart skrive av den enkle grunnen at dette er det einaste eg har bilete av.

Grunna kamerainnstillingar er det ikkje ein gong eit
bra bilete. Godt eg ikkje driv fotoblogg.

Vinsjen kom derimot i bruk etter at me hadde kome ned frå fjellet og bestemd oss for å fortsette lenger innover ein dal. Gode vegar heile tida. Heilt til snøfonna kom. Eller det var vel ikkje så mykje ei fonn som eit bekkefar som hadde pakka seg med snø. Skare øvst og laussnø under. God kombinasjon. Så etter å ha køyrd oss ettertrykkelig fast, fram gjekk ikkje, bak gjekk ikkje, differensialsperrer hjelpte ikkje, måtte me legge plan B. Spade for å grave oss laus og småstein under hjula vart forkasta etter om lag to minutt. Me hadde då vinsj! Og flaks. Det var nemleg ein stein stor nok til å feste vinsjen i tjue meter framføre bilen. Dette er ikkje sjølvsagt i Mongolia, næraste stein å feste vinsjen i kan fort vera tjue kilometer vekke i dette landet. Så Plan C, vinsj, vart sett i verk. Hadde me gidda å bruka spaden effektivt i om lag sju minutt til hadde me nok kome oss laus på den måten, men kvifor skulle me de når me kunne bruke tre gongar så lang tid på å finne fram alt utstyret som skulle til for å få operert vinsjen og gjere det på motorisert vis. Han eine amerikanaren sa i ettertid at han synest det var litt gøy at det såg ut til at det kjekkaste eg hadde opplevd heile veka var å setje meg fast med bilen. Ein får ikkje meir moro enn (problem) ein lagar sjølv, tenker no eg!

Men turen vart ikkje heilt fånyttes og utan mål og meining anna enn å få sett seg rundt å setje seg fast. Me fann nemleg ein hesteskalle som amerikanaren skulle ha til pynt i leilegheita si. Så dette var eigentleg ein planlagt tur for å redde miljøet. Berre tenk på alle fabrikkutsleppa som skulle til for å lage den same skallen i papp!

mandag 19. september 2016

Sagseifestival

Her har me ein sikker vinnar. Ein festival i eit lite sentrum som heiter Sagsei. Ein festival for sag og sei(Sagsei), og gjerne kombinert. Fiske og handverk. Mykje likt ein klassisk norsk festival. Men namnet kan bedra. For på denne festivalen såg eg ikkje ein einaste sei. Og det var heller ingen som spelte på sag der.
Men turistar var det mange av. Ja, og så var det nokre ørnejegerar der.

Ulgii, som er den næraste byen er, ikkje veldig stor. Så kor alle turistane kom frå er ikkje godt å seie. Men mange var det. Men for å byrje i ein anna ende, ikkje snakke om turistane me kom for å sjå heilt først. Med to nordmenn, to amerikanarar, og ein spanjol som laga dokumentarfilmar plassert i Land Cruisaren, tok me laus og sette kursen mot Sagsei. Vegen dit var ganske grei, men då me nærma oss festivalområdet vart det litt forvirring. Alle bilane valde å berre køyre etter den fremste, noko som hadde vore ein god plan dersom den fremste bilen hadde visst kor festivalen skulle vera. Då dei andre bilane stoppa grunna manglande kartlesarferdigheiter hamna bilen eg sat i fremst. Me leia feltet eit par minutt før det vart arrangert ein falsk tissepause, for at nokon som forhåpentlegvis visste kor me skulle kunne køyre i front. Me kom til slutt fram. Forvirringa viste seg å stamme frå det faktum at dei hadde same dagen måtte flytte festivalområdet grunna noko kvegpest av eit eller anna slag. Men det må ha vore eit skummelt slag, sidan det tydelegvis var farleg for ørnane.

Etter me hadde snike oss til ein parkeringsplass midt på den tomme sletta på sidan av elva, gjekk me eit lite stykke unna for å kunne sitje for oss sjølv å studere turistane. Og etter kvart få eit glimt av ei ørn eller tre.

Glimt av ei ørn.

Etter å hold plassane ved elva til me var byrja å bli solbrent var det på tide å gå bort å sjå kva som faktisk skjedde på ørnejegerarenaen. Det som skjedde mest av var at millionvis av kroner i turistars fotoutstyr gjekk seg varmt. Eg har vore ute for ein fotografering eller to i mitt liv. Rett nok ikkje sidan eg var konfirmant og måtte ha eit bilete til takkekortet. Men mengda med bilete som vart tatt då ville sannsynlegvis vera nok til å tapetsera Lærdalstunnelen. Utvendig.  
Det andre som skjedde var at ørnejegerane prøvde å lokke til seg ørna si som ein kamerat av dei passa på lenger oppe i fjellsida. 

Ørn som prøver å stikke av med ein jeger. Fram til  
femtitalet var det slik dei mongolske fallskjermsoldatane 
vart transportert. Dette var også ein vesentleg faktor for
Djengis Khan sin suksess.

Det kom etter kvart fram at denne denne festivalen kanskje ikkje var den mest tradisjonsrike i området. Den større festivalen som er i Ulgii i byrjinga av oktober vart danna var forbundet for ørnejegerar. Denne vart danna av eit turistbyrå som ville ha ørnejegerar å vise fram til turistar mens det framleis var varmt å gå i kortbukse. At det kanskje ikkje var heilt ideelt for jegerane sjølv, som stiller i flotte tradisjonelle reve- og ulveskinnsklede, var det kanskje ikkje så mange som tenkte på. 

Ørna skal drepe ein daud hare. Eit spesielt men
fascinerande konsept.

Etter me hadde steikt lenge nok i sola skulle me køyre heim att. Men sjølvsagd skulle me ta ein anna veg for å plukke opp ein engelsklærar som budde i eit anna lite sentrum. I følgje dei lokale var det enkelt å finne fram. Køyr til fjella og ta til høgre. 
Me køyrde til fjella, men der var det ingen veg til høgre. Så då køyrde me litt inn i fjella og kom framleis ikkje til nokon veg som gjekk mot høgre. Så då var det logiske å gjere å kome seg opp på ein fjelltopp. Då eg ikkje har fått mitt mongolske førarkort enno, var det ei anna som køyrde. Sidan det var snakk om tindebestiging med bil, og eg har noko meir erfaring med idiotkøyring fekk eg ta over. Sidan dette var i terreng utan veg og me begge er gamle nok, reknar eg med at dette må gå under mongolske lærekøyringslover. 

Då me kom opp på fjellet såg me mange nye fjell. Og nokre stader i dalen me hadde køyrd opp frå var det spor. Planen vart lagt, me skulle følgje dei spora. Av ein eller anna grunn velde flesteparten av passasjerane å gå ned frå fjellet til tross for at bilen skulle same vegen. Spesielt. Me hadde jo ikkje kvelva ein einaste gong på veg opp! Men terrenget som følgde var slik som Land Cruisarar er bygt for. Heilt utan veg, av og til eit spor som akkurat viste retninga før det forsvann att. Heilt sjef. 
Etter ei god stund med kurs gjennom dalføret kom me omsider til ein veg. Som sjølvsagd var meir ubehageleg enn det veglause stykket. Altså nokså lik som Kleivdalsvegen. Berre lenger. 

Etter enno ei lengre stund fekk me sjå eit sentrum. Som kunne vera rett plass. Etter tjue minuttar til såg me framleis det same sentrumet. Kan vera ei plaga med mongolsk slettelandskap. Etter endå ei god stund og mange feilkøyringar på vegar som såg ut til å leie mot sentrumet kom me til ein veg som faktisk leia inn mot sentrumet. Engelsklæraren vart plukka opp, og med han som GPS var det diverre ingen feilkøyringar på veg tilbake til Ulgii. 

onsdag 14. september 2016

Attende i forretning

No kan ein kanskje spørje seg kva forretning eg er attende i, men dersom eg ikkje har misforstått det engelske uttrykket back in business, kan dette bety meir enn at ein er på handletur. Så det eg prøver å formidle med tittelen er at eg er attende i Mongolia. Kanskje eg berre skulle skrive det først, så hadde me klart oss utan denne forklåringa.

Men eg har i alle fall vore i Mongolia i litt over ein månad etter sommarferien no. Det er ein ny kvardag, der delar av han er noko eg meir eller mindre har lova meg sjølv at eg aldri skulle utsetje meg for. Nemleg å måtte gå med skjorte, dressbukse og finsko på jobb. Katastrofe. Men det er visst slik kulturen er her, og kulturmjølk har eg alltid vore ein tilhengar av.
Bortsett frå det er det ganske greitt på kontoret. Arbeidsoppgåvene til no har bestått mest i å signere og stemple papir. Og å studere kasakk. Som er språket som vert brukt mest her i Bayan-Ulgii. Kasakken har eg nett byrja med. Det å skulle lære seg lydar i eit system eg ikkje forstår, er ikkje alltid like lett. Heldigvis viser det seg at me i det norske språket har ein del felles ord med det russiske språket. Og heldigvis har kasakk og ein del felles ord med russisk. Så når det er full treff er orda enkle. Til dømes er ordet på kasakk for "radio", "radio". Så det var jo ein enkel ein. Verre er det når læraren min påstår at "terese" ikkje er ei jente, men eit vindauge. Eller at "bor" ikkje er ein torturreiskap mykje nytta av tannlækjarar, men at det er eit kritt. 

Men sidan eg no har vore ein månad i Mongolia utan å skrive noko lyt eg hoppe fram at til ein av dei første dagane eg var her for å fortelje om ulike marknadsføringsmodellar i Mongolia. Eller det er berre ein modell eg skal fortelje om. 

Kvinner og born i midt i vegen. Illustrasjonsfoto til
marknadsføringsmodell.

Eg og han som er den nye rektoren på den norske skulen i Khovd tok ein liten tur ut av Ulaanbaatar for å sjå oss rund. Då svolten meldte seg prøvde me å køyre innom det som såg ut som ei klynge med gerar(telt) det vart seld mat frå. Det var tydelegvis ikkje så lett å få gjort som me hadde trudd. I det som såg ut til å vera hovudvegen inn stod det parkert ein flett ny land cruiser som ikkje såg ut til å flytte seg. Og så sto det tre damer og skreik inn i vindauget. Dei andre damene og borna som var der gjekk resolutt ut i vegbana og stoppa all trafikk. For oss som var svoltne og ikkje ville noko anna enn å få oss litt mat var det litt problematisk å skjøne kva som gjekk føre seg. Det at dei snakka på mongolsk gjorde det ikkje lettare å forstå. 
Men då me fekk kommunisert til kvinnene i vegsperringa at me ville inn å kjøpe mat hjå dei slapp dei oss heldigvis gjennom, og bilen som sperra den andre innkøyringa til plassen rygga ein halvmeter slik at me kunne snike oss inn.
Etter at me hadde fått bestilt mat og drikke kom det ein kar som kunne litt engelsk. Då eg kan litt Mongolsk kunne me til saman nok til at me fann ut at han som hadde den nye land cruisaren med skrikande damer i vindauget, eigde eit "gatekjøkken" lenger nedover vegen og difor prøvde å sperra innkøyringa til dei som selde mat der me sat og åt. Som ein respons på dette sperra dei som eigde mat-gerane her hovudvegen, slik at ingen skulle kunne handle mat hjå han.
Tidenes marknadsføring! Eg må sei at eg gler meg til dess ein kan sjå tenåringar i grøn kiwiuniform sperre innkøyringa til rema 1000 for å ta frå dei kundar. Dette må jo opplagt virke mykje betre enn ei reklameavis i postkassa! 

Men for å hoppe over til noko anna, så har eg sidan marknadsføringsturen måtte få meg eit mongolsk førarkort. Noko som diverre tek tid. For å få førarkort måtte eg først til tidenes beste legesjekk, utført av fire fem ulike spesialistar på eit sjukehus. Sjølv om det var ulike spesialistar eg var innom var undersøkingsmetoden lik. Augelege: Ser du bra? Eg: ja. Augelege: den er grei *signerer helseattest*. Og slik var det hjå alle dei ulike. legane. Etter det kom sjølvsagd problemet med at myndigheitene var tom for plast, så det å få trykt opp eit førarkort var tydelegvis ikkje berre enkelt. Så no har eg eit håp om at plast skal vera på plass i løpet av veka og at printeren ikkje går tom for blekk.

Men kva skal ein med førarkort når ein har snille kollegaer som tek ein med både på fjelltur og fisketur til elva(alt med bil sjølvsagt) vil kanskje nokon spørje seg. Køyre sjølv, er jo det første av mange gode svar her. Men til trass for denne førarkortmangelen har det vorte eit par gode turar, så difor blir dagens/månadens innlegg avslutta med eit par bilete.

"Å vera eller ikkje vera?" Er eit spørsmål mange har
spurd seg. Eg spør "kvifor gå på fjelltur når ein kan
køyre?" om lag 1300 meter over Ulgii og om lag 
3000 meter over havet. Sparer jo mange timar
på å ta bilen!

Bål og pølsegrilling blir uavhengig av verdsdel 
aldri feil. 

Lite fisk å få. Men her også kan ein stille dei 
retoriske spørsmåla: "Kvifor ete fisk når det er 
pølser å oppdriva?" 

tirsdag 7. juni 2016

Eit år i Mongolia

År, og år. I alle fall nesten ti månadar. Eller berre rett over ni månadar i skrivande stund, det er jo framleis litt over to veker til eg reiser heim til Noreg. Så det er kanskje slik at eg må oppsummere tida og erfaringane mine herifrå. Forferdelege tannlækjarar, uoppdregne hestar, fulle politimenn og nokre omgangar med dårleg mage til trass. Dette har vore sjef.

Ut frå kor dette ber hen med skrivinga kan eg allereie no orsake meg. Dette ser ut til å kanskje bli eit seriøst innlegg. Ikkje bra.

Illustrasjonsfoto: Hest.


Men det å ta seg eit år i utlandet slik, er noko eg no(ja, eg veit eg berre har litt over ni månadar med erfaring, men lat oss ta litt i) ikkje skjøner at ikkje fleire gjer. Eller det er jo fleire enn meg som gjer det, men ikkje at det er enno fleire. Det å få bu i eit anna land gjer ein eit heilt anna innblikk i andre sin kultur enn ein rask ferietur. Og det at det er normalt at ein mann på over femti kjem bort og byrjar å leikebryte med deg er jo artig. Eller at litt skjeggvekst gjer at ein kan kome i snakk med ein taksisjåfør der ein brukar kombinert mongolsk, engelsk, norsk og kroppsspråk for å finne ut at sjåføren har to born. Eller hundar. Litt usikker akkurat der. Men gøy er det.

Eller at ein kan sperre tre av fire felt på ein fire felts veg fordi ein må køyre litt fram og tilbake for å kunne snu er heilt greit, men nåde deg om du lar det vera ein halvmeter tomrom framføre bilen i ein kø. Då vert det fløyting. Også artig.

Eller at det er forventa at ein skal kunne ri. Så lenge ein klarer å sitje på ein hest er det jo sjølvsagd at ein veit korleis ein skal kontrollere den. Og at mjølke-te med salt er godt er jo innlysande. Eg har aldri likt varme drikker, men etter eit år(ja, eg kallar det faktisk det!) så er denne mjølke-teen den einaste varme drikka eg faktisk spør om påfyll av dersom eg blir servert. Tørka yoghurt(eller liknande) er jo også ein spanande rett ein får smaka litt på. Akkurat då er det betre med syrna hestemjølk.

Og folk som på generell basis er gjestfrie og nyfikne. Kan ein to ord på mongolsk, eller dei to ord på engelsk har ein samtalen gåande. Heilt sjef.

Så som eg oppsummerte med til å byrje med, dette har vore heilt sjef.
Men er det då slik at eg synes det er vemodig å forlate Mongolia. Nei.
Mongolia er såpass bra at det kan bli lite med berre eitt år her. Så då er det sjef når ein i løpet av sommarferien i Noreg, kan bli innvigd som misjonær og ta seg fire nye år.

torsdag 12. mai 2016

Å vestland, vestland

Vestlandet er bra. Slik viser det seg også å vera i Mongolia. Så her kjem
soga om fjellturar på vestlandet.

Eg kom på besøk til vestlandet ein tidleg morgon. Etter å ha stått opp klokka tre på morgonen for å kome seg til flyplassen, vente på at utsetjingane av flyet skulle bli ferdig, for så å til slutt sitje over tre timar på eit propellfly, kom eg til slutt til Ulgii klokka åtte på morgonen. Med ein time i tidsskilnad frå Ulaanbaatar, vil det seie seks timar etter eg stod opp. Etter akklimatisering av jet-lag, lunsj, litt kontortid, litt middagskvil og litt middag sat eg i stova til min norsk-amerikanske vert. Då det ikkje var så mykje å ta seg til kom me etter kvart fram til forslaget om fjelltur.

Og her skal det seiast at amerikanarar har forstått noko viktig. Kvifor gå på fjelltur når ein kan køyre på fjelltur? Og når heile Mongolia i prinsippet er ein stor landeveg der det er fri ferdsel, så kan ein kome til eit par fine stader med bil.

Som dei spreke nordmenn me er spente me på oss
fjellskoa. Dei motoriserte fjellskoa i form av ein 
Land Cruiser i 70 serien. Fantastisk bil! 

Sidan sola var på veg ned og me hadde det litt travelt gjorde amerikanaren det einaste rette, han peika bilen mot det høgste fjellet i det området rundt byen han ikkje hadde vore før, og gav gass. Etter å ha køyrd gjennom den lokale bossfyllinga det det låg strødd med tomflasker, plastposar og daude kyr fann me ein litt meir brukt veg mot toppen. Etter ei relativt lett ferd oppover måtte me heldigvis koble inn firehjulstrekk og lågserie etter kvart. Hadde me ikkje måtta dette hadde det blitt for lett! 

Då vegen valde å ikkje gå til toppen av fjellet me skulle til toppen av, hadde me ikkje mykje anna val enn å finne vår eigen veg. Med ein Land Cruisar i lågserie er heldigvis ikkje det eit stort problem. Eg trur me valde rette fjellsko. 

Målet med turen, bortsett frå trimmen, var å få tatt
nokre solnedgangsbilete. Då Mongolia på generell
basis er relativt grått før graset gror til att, var det 
ikkje berre lett. Heldigvis kan photoshop
hjelpe til med fargelegging. 

Sidan det er keisamt å velje same løypa ned som opp når ein er på fjelltur måtte me sjølvsagt finne ein ny veg. Etter å ha køyrd opp på eit nytt fjell og ned på andre sida mot det me trudde var ein veg, såg me vegen nokre hundre meter til sides for der me køyrde ned. Offpiste er tingen! Då me kom til vegen, og merk at når eg skriv veg meinar eg hjulspora i sanden, og kunne snu tilbake mot Ulgii, førte den oss til fleire interessante parti. Bratte nedoverbakkar med kryssande bekkefar og stupbratte skråningar på begge sider av vegen som besto av laus stein og sand. Skjønar ikkje kvifor dei klagar på ein rasfarleg E-16. Ser ein på trafikkmengda, så går det sikkert ein bil i veka gjennom den dalen me køyrde. Mykje meir enn E-16. 

Omsider kom me dit at me kunne sjå storbyen i det
fjerne.

Etter litt artige vegar var det strake vegen tilbake til Ulgii. Men strake vegar er ikkje alltid det beste, så difor vart det ein liten avstikkar opp på enno ein liten topp. Slalåm i motbakke, mellom busker og steinknausar er absolutt til å anbefale. Kjekk sport! 

Så for å konkludere. Ut frå turmoglegheiter å døme er Ulgii ein sjefsplass. 

lørdag 16. april 2016

Mannen som ikkje klarte halde seg på hesteryggen

Det å dette av hesten er tydelegvis morosamt i Mongolia. I alle fall om ein kan sjå andre dette av hesten er det morosamt. Av og til er det så morosamt at det neste døgeret kan blir brukt til å minne personen som datt av hesten på at han gjorde det, og le av han. Ikkje slik at eg snakkar av erfaring. Eller vent litt, det gjer eg.

Sidan nyttår har eg av ulike, ufriviljuge, årsaker forlate hesteryggen tre gongar. Så her kjem forteljinga om korleis det er mogleg.

Fyrste gongen det skjedde, skjedde det i særs sakte fart. Eg reid som sistemann i eit følgje. Plutseleg, om det kan seiast plutseleg om noko eg har sett i over eit minutt, låg det eit tre over stien. Høgt nok til at hesten gjekk under, lågt nok til at eg ikkje gjorde det. Uerfaren ryttar, som eg er, gjorde eg eit forsøk på å svinge hesten til høgre for dette treet. Det var sjølvsagt ikkje aktuelt for hesten. Som me skal sjå seinare er styringsmekanismen på hestane notorisk uberekneleg. Eg drog i høgre taum og rekna med at hesten ville gå til høgre. Det gjorde den ikkje. sjølv om hovudet peika hardt mot høgre, fortsette kroppen til hesten beint fram. Så då skifta eg taktikk og prøvde stoppe hesten. Det ville den heller ikkje. Eg drog godt i begge taumane, men til inga hjelp. Så då fekk eg eit tre faretrugande nært magen. Så eg tok tak i treet med ei hand. Med taumane i ei hand og ei hand til å skubbe i treet prøvde eg å kople inn reversen på hesten. Den var defekt. så hesten fortsette i sakte fart framover. Plutseleg sat eg litt bakanfor salen. Og så hang eg etter kvart spent opp mellom eit tre og ein stigbøyle. Etter å sleppt meg forsiktig til bakken fekk eg heldigvis tak i stammen på treet. Og heldigvis var ikkje hesten for gira på å følje etter dei andre hestane som hadde kryssa over den steinete, uttørka elvebotnen. Så då fekk eg drege(eg kan i alle fall late som om det var eg som var sterk nok til det) hesten eit skritt tilbake og eg klarte å øsne foten min frå stigbøylen. Den mongolske dama som var med kom tilbake og var så full i lått at det var så vidt ho klarte å snakke. Eg lo heldigvis eg også, og etter ein liten kamp med å få retta på skjørtedelen av deelen min var eg oppe på hesten og kunne halde fram med omtrent like mykje av æra i behald.  Den mongolske dama fekk seg i alle fall ein god latter. Kvar gong i løpet av det neste døgeret eg såg ho. Og ein del gongar neste gong eg kom på besøk.

Illustrasjonsfoto: Meg til hest.


Andre gongen eg bestemde meg for å ufriviljug forlate salen, og dermed hesteryggen, skjedde det i litt større fart. Eg var igjen ute med ei gruppe og rei, denne gongen tre kameratar og ein dansk bibelskulelærar. I tillegg til den mongolske guiden/verten/kjernekaren. 
Eg hadde fått ein hest som lika å springe litt, så det måtte eg sjølvsagt utnytte. litt trav og litt galopp, heilt sjef. Det gjekk litt gale eine gongen eg skulle peise hesten opp i galopp samstundes som eg svinga litt til venstre for å halde meg på rett veg. Hesten meinte tydelegvis at venstre ikkje var rett veg, for i det eg la vekta litt til venstre(ein må sjølvsagt leggja seg litt i svingen), fann hesten ut at den var politisk aktiv og ville meir mot høgresida. Det kjendes ut som den kanskje var enno lenger til høgre enn NS, så litt historielæring treng den nok for å skjøne kor dumt det blir. For når ein hest går så langt til høgre kollapsar samfunnet. Dette stemmer dersom ein kan bruke meg som eit bilete på samfunnet og kollaps er eit bilete på at eg ligg for langt på sida og dett av hesten. 
Det skal i sanning seiast at hesten kanskje var plassert ein plass mellom høgre og FRP i det politiske spekteret, og at fallet kan skuldast min ignoranse ovanfor eigne rideferdigheiter. Ferdigheiter som altså ikkje er så alt for bra. Denne gongen fekk eg i det minste noko å visa til etter eit fall frå ein hest. Eit par skrubbsår og ein forslått venstrearm. Så verken høgre eller venstresida er noko særleg å satse på i politikken. Eigentleg er det aller meste av politikken berre skit(meir makt til Kong Harald!), så me sluttar med dei referansane no. 
Heldigvis brukar ikkje mongolane, eller dei besøkande, hjelm og den slags tull, så hovudet trefte ikkje bakken. Og ei god saueskinnsjakke viste seg å vera nok polstring til at potensielle brot vart til ein forslått arm. 

Illustrasjonsfoto: Hest utan meg.


Alle gode ting er tre var det ein gong nokon som sa. Eigentleg høyrer eg nokon sei det stadig vekk. Men det er ikkje alltid sanning. Eller kanskje det er det. For den tredje gongen eg forlet hesteryggen føler eg at det ikkje var utelukkande min feil. 
Eg og sjefen min her i UB hadde i lag med nokre andre besøkt ein familie ikkje så langt frå der heile Ulaanbaatar-kontoret til NLM var på kurs. Ikkje så langt vil sei at den lokale mannen me besøkte hadde sagt det var om lag tolv kilometer. Etter ein lang køyretur kunne det sjå ut som om han underslo litt. Men me kom no fram. Og etter å drukke litt mjølke-te, helst på eit par Bankharkvelpar , og sett oss om kring, sette eg og sjefen oss på hestar og fekk beskjed om at om lag den retninga er fin for ein ridetur. Etter ein fin tur opp på ein fjelltopp, her må det seiast at det å ri på fjelltur er genialt, måtte me ned att frå fjelltoppen og tilbake til heimen til lokalmannen. Dette gjekk stort sett veldig bra, hesten var viljug og trava og galopperte litt om ein anna heilt til eg feiga ut i unnabakken og bremsa den litt. Det at bakken var full i hol, sannsynlegvis etter murmeldyr, såg ikkje ut til å vera ei hindring for hesten. Den hadde jo auger og kunne gå rundt hola. Så sant den såg dei. Og det gjorde den kanskje ikkje alltid. 
Då me var eit par hundre meter frå målet gjekk hesten ned for telling. For meg såg det ut som om den fekk venstre framfot i ei hole og gjekk på tryne framover. For eg datt i alle fall framover og litt på venstre sida, og hesten som kom etter hadde bestemt seg for at eg hadde sete lenge nok på den, no var det hesten sin tur. For den kom etter og landa delvis oppå meg. Sleip rakkar. Han kunne bere spurd, så skulle eg ha tatt han på ryggen nedover. Heilt unødvendig å spele sjuk. Eller så kan det vera at han keia seg og berre hadde lyst å stupe kråke. 
Men han skjøna heldigvis at han hadde gått litt over streken. For den reiste seg roleg opp og stod og venta på at eg skulle kome bort og ta tak i taumane. Men han var framleis litt ivrig etter å kome seg heim, så når eg prøvde å kome meg opp, gjekk den framover. Fyrste gongen klarte eg å lande på føta. Andre gongen snudde eg salen, og landa på venstresida igjen. Då eg hadde bestemd meg for at hesten kunne få gå dei siste hundre metrane utan ryttar, kom eigaren opp og haldt den i ro så eg kunne kome meg opp att i salen. 
Denne gongen hadde eg bytt ut saueskinnsjakka med ei fleecejakke. Det var ikkje så smart. For no sit eg att med ein arm som ikkje går an å heve over skulderhøgde og spørsmålet: Kor tid skal eg ut å ri neste gong? Hadde vore kjekt å fått prøve ei vanleg avstiging ei gong! 

Dagen etter siste hendinga(altså på publiseringsdagen til dette innlegget) har eg av enkelte på kontoret blitt kalla "jana Jan", noko som visstnok betyr "oi! Jan". Det kan vera at dei meiner eg ikkje lenger er verdig namnet "Djengis Jan"(eller så kan det stamme frå ein leik dagen før). Men til dei kan eg seie at eg er sikker på at Djengis Khan datt av hesten fleire gonger når den snubla eller vart drepen under han i full gallopp. Så eit lite fall eller fem er ikkje nok til å knekke innbilskheten til denne karen! 


fredag 8. april 2016

Ørnane kjem

Noreg er kjend for å ha mange festivalar, enkelte for eit relativt snevert publikum. Ja, det er nok nokon som set stor pris på gamalost og rakfisk, men eit veldig breitt nedslag i folket får det sannsynlegvis ikkje. Men ein ørnefestival har ikkje nokon i Noreg kome på å laga enno. Det har dei i Mongolia. Det kan sjå ut som det er ein internasjonal trend, at skal noko bli gjort, så må det ein vestlending til. For her i Mongolia måtte dei i alle fall importere folk og ørner frå Vest-Mongolia for å lage ørnefestival i midten av Mongolia.

Det kan bli langt å ri frå Vest-Mongolia til Ulaan-
baatar, men eg mistenkjer at når dei får stor nok fart

vil ørna ta av og flyge med jegar og hest. Eller at dei 
har køyrd bil. 

Det kan også vera at denne festivalen var eit knep for å få til ein innvandrarfri dag i sentrum av Ulaanbaatar, for eg har aldri før sett så mange av oss utlendingar samla på ein stad.  Folk hadde til og med tatt toget heilt frå Belgia for å få med seg denne festivalen. Eventuelt så sa dei at grunna dårleg ver kom dei seg ikkje til Vest-Mongolia den eine veka dei no hadde pause her i Mongolia, før dei fortsette med den transsibirske jernbana. Mykje folk var det i alle fall. Men kanskje det skule vore betre PR i forkant av festivalen for verkeleg å tømme Ulaanbaatar for utlendingar. Eg fekk heilt tilfeldig høyre om at det skulle skje to dagar i førevegen.

Programmet var i god stil forseinka vel ein time frå start. Men kva gjer det når ein kunne bli høyrsleskadd av musikken dei spela ein liten kilometer vekke frå høgtalarane?

Festivalen byrja, som seg hør og bør, men ein 
prosesjon av ryttarar og ørner. Dette er noko me
bør få med oss til neste 17. mai tog. Vekk med russen
og inn med ørnejegarane. Musikken var riktignok like
høg, men ikkje like dårleg som den som kjem frå ein
standard russebil.

Etter prosesjonen var me i gong! Med talar. Så 17. mai er kanskje ikkje så langt vekke som samanlikningsgrunnlag. Men snøen låg framleis her, så alle borna som hadde blitt drege med på festival kunne renne på akebrett og liknande i staden for å måtte sitje stille og keia seg. God planlegging. 

Medan me venta på at ting verkeleg skulle gå i gong
kom det ein kjendis ridande. Ei fjorten år gamal jente
med ørna si. At ho var kjendis var lett å sjå. Eg fekk
tatt ca. to bilete før ho bortimot forsvann i trengsla.
Stakkars.

Så byrja det me hadde kome for å sjå. For å sitere Tolkien, ørnane kjem. Det fyrste som skjedde var at me stilte oss opp i ein bakke for å sjå på når jegerane skulle ri eit lite stykke og så kalle inn ørna si. Det var eit sperreband på plass for at me skulle stå mest mogleg på line og at alle skulle få sjå. Ressursfulle som  publikum kan vera var det nokon som oppdaga at dette bandet strakk seg litt slik at dei kunne gå litt lenger fram og få litt betre utsikt, samstundes som dei øydela utsikta for alle andre. Så då flytta alle seg litt lengre fram. Så då var det plutseleg mange ulike sperreband som ikkje lenger hang saman. Men med politiet til hjelp flytta folk seg nesten litt tilbake. 

Som ein fersk tilskodar av denne sporten var det 
vanskeleg å sjå kva som var ei utmerka prestasjon
og ikkje. Eg trur domarane sat med stoppeklokke,
så tid hadde sannsynlegvis noko med saka å gjere.
Eg trur kanskje og at det ikkje vart bonuspoeng
for dei ørnane som valde å fly vekk frå jegaren og
heller lande midt inne blant publikum. Då eg har 
snakka med ein ørnejegar som har tatt ulv med si 
ørn, må eg sei at eg ikkje heilt forstod kvifor mange
av publikum absolutt skulle ta selfie tjue cm frå
ørna. 


Etter kvar mann hadde ridd ein gong eller to kvar med vekslande hell, var det kjendisjenta sin tur. Ho eller ørna hadde nok diverre ein dårleg dag, for hennar ørn gadd heller ikkje kome til ho, den landa heller hundre meter bak publikum. Men ho gjorde det i alle fall betre enn han som hadde ei ørn som ikkje ein gong gadd å lette. Heldigvis hadde han ei reserveørn. 


Det var og anna underhaldning. Blinkskyting med 
pil og boge frå galopperande hest er diverre ikkje
ei OL grein. Med tanke på korleis desse karane
såg ut, kan det tenkast at det var noko skremmande
når Djengis Khan kom med sine 40-50 tusen.

Alt i alt var dette eit genialt festivalkonsept, i alle fall litt meir action enn på ein trekkspelfestival. Eller kanskje ikkje. Men hadde dei klart å korte ned dei timelange ventepausane utan noko som skjedde og hatt mat det gjekk an å kjøpe utan å selje ei lunge og ei nyre for å få råd til den, hadde det vore eit forretningspotensiale i å importere dette til Noreg! 

torsdag 7. april 2016

Kvitmånefesten

Det er kanskje eit par månadar sidan det som no skal forteljast hende, men i og med at eg har fått eit inntrykk av at dei fleste i Noreg ikkje kjenner alt for godt til mongolske skikkar og tradisjonar kan eg publisere dette no og late som om det nettopp hende.

Så, kvitmånefesten. Eller tsagaan sar, som dei fleste vil kalle det. Dette næraste å samanlikne dette med må vera den norske julefeiringa. Fleire dagar som går ut på å ete seg forderva, besøke vener og slekt, og utveksling av gåver. Eller for dei av oss utlendingar som ikkje har noko særleg slekt og ikkje inviterer andre heim til oss på besøk, får me mest gåver, og gjev heller lite. For når ein går frå heimen til nokon under tsagaan sar, då får ein ei gåve. Det kan vera alt frå sjampo og singletar som passar til sju år gamle jenter(og ikkje 29 år gamle gutar) til godteri og belte til nasjonaldrakta deel.

Men uansett. Denne festen er då lagt til den første nymånen etter vintersolkverv. Så de skjønar det at vintersolkverv er på ein anna dato her enn i Noreg, i og med at me er komen til april og dette som bli skrive no sjølvsagd er dei ferskaste nyhendene frå Mongolia.



Frukost. Kjøt, buuz(båts), mjølke-te, feitt, kjøt og 
buuz. Det er sjølvsagd om å gjere å presse gjestane
til å ete mest mogeleg. For dersom ein blir kvitt
mykje mat under tsagaan sar kjem ein til å få
mykje mat i året som kjem. Det at dette var frukosten,
betyr ikkje at lunsj og middag kjem til å vera annleis.

Når ein kjem på vitjing til nokon under dei tre dagane tsagaan sar varer, er det vanleg å ha med seg nokre fine, nystrokne pengar. Pengane vert gjeve til eldstemann i huset medan ein går gjennom ein veldig formell helsing. Den yngste av helsarane må legga armane sine nedst og gripa den eldste rund olbogane, medan den eldste grip den yngste rundt overarmane. Med dette grepet klemmer ein kvarandre på begge kjakane medan ein seier "amer benåå". Så byrjar etinga. Og drikkinga av surna heste- eller kamelmjølk og mjølke-te. Her må det seiast at surna kamelmjølk faktisk er betre enn den surna hestemjølka.  Sur kamelmjølk liknar ganske mykje på god norsk kulturmjølk. 

Etter ein har gjort seg ferdig med måltidet, for sjette gong. På grunn av at dei fem førre gongane har verten klart å lesse litt meir på tallerken din ein uoppmerksam augneblink, er det tid for å ta farvel. Det er då verten skal levere ut gåver. 

Og det er, slik som eg har forstått
det umogeleg å takke nei. Så når 
ein får eit så fint belte at ein skjemst
for å ta i mot det, så må ein 
berre takke og smile. 


Finkleda er sjølvsagd på. Og hovudplagg på menna.
Dette var ekstremt viktig under helseseremonien, at
hovudplagget var på. 

Eg var i fire besøk denne tsagaan sar, og kunne ikkje på noko som helst måte skjøne korleis mongolane eg snakka med klarte femten. Etter dei fire var eg så mett at eg hadde ikkje trengt å ete på tre veker. Eg åt sjølvsagd eit par middagar for dagen etterpå, men det var eigentleg ikkje naudsynt. Det er kanskje ein grunn til at det store spørsmålet då eg kom tilbake på kontoret etter feiringa var kor mykje kvar enkelt hadde lagt på seg. 


Apropos kontoret, så var det sjølvsagd ei tilstelling 
her og etter feiringa. Med talar, helserunde og finklede.


No var det jo heldigvis slik at denne feiringa pågjekk i tre dagar. Sidan eg berre var i fire besøk og dei heldigvis var lagt til same dagen, fekk eg og ein kamerat tid til å nytte eine dagen til å ta oss ein tur med bil ut på landsbygda og setje oss fast i snøen. Sjef. 

Fem cm skare med laussnø under vart for mykje.
Då me prøvde rygga sklei me berre sidelengs nedover.
Utan spade, men med differensialsperrer, var det diverre
relativt enkelt å kome seg laus igjen. Berre ti minutt 
med handgraving. 

torsdag 3. mars 2016

Ditut og attende

Nokon vil kanskje kjenne att tittelen til Tolkien si bok om ein liten rakkar som reiste på tur med nokre dvergar og ein trollmann for å finne noko gull, drepe ein drage, sjå alvar og gå seg vill i skogen. Det er nesten same slag reise eg har vore på. Berre at eg er vel ikkje veldig liten sånn fysisk sett, eg reiste på tur med ein anna, han var verken dverg eller trollmann, av yrke, men sjåfør. Drakar var det lite av, men me såg kamelar. Me gjekk oss ikkje vill i skogen, men køyrde oss vill på slettene. Og så fekk me ikkje gull med oss heim att, men ein sliten Land Cruiser Prado.

Så dette er altså soga om køyreturen til Khovd og attende til Ulaanbaatar.
Eg har høyrd at eit biletet seier meir enn tusen ord, så her blir det mange ord i form av bilete, og litt færre i form av ord.


 Det vart ganske tidleg klårt at dette kom til å bli ei
langferd.

Til tross for at me skulle køyre langt, vart det ganske snart tydleg at den Mongolske sjåføren ikkje hadde særleg tiltru til meg som sjåfør. Eller at han berre var like glad i meg som å køyre. Der vegen gjekk beinare enn ein gjennomsnittleg vater, og asfalten ikkje var eldre enn to år fekk eg lov til å køyre. Så snart me såg ein sving eller ei hole i vegen var det eit strategisk stopp fordi sjåføren måtte ha seg ein røyk, og då kunne me sjølvsagd byte sjåfør når me først var stoppa. 

Eit sjeldant syn denne turen. 


Dette var tydelegvis for krevjande førehald for ein 
vestlending. Det er jo berre to felt. Og så er det
tre svingar og ein bakketopp på to kilometer. 
Skummelt!

Her skal det seiast at når det kom til å køyre på vegar der det ikkje var vegar, berre spor i landskapet, hadde eg ikkje hatt sjans til å halde følgje med sjåføren. Men når det var snø og is på vegen trur eg kanskje eg kunne tatt att tapt tid. Eg lærte i alle fall i Noreg at dersom bilen byrjar å skli når du bremser på isen i ein nedoverbakke, så er det ikkje lurt å trakke bremsa i golvet og vente til bilen tar ein 360 før du må starte den igjen på grunn av manglande clutchbruk, for så å køyre vidare. Slikt tar unødig tid. 

Sjølv om eg ikkje fekk køyre så mykje, skulle eg i 
all fall ha eit bilete der det ser ut som eg kan stå med 
ein bil! 


Og for ein bil! Det at ein i dag kan kjøpe ein Land
Cruisar som er så godt som identisk med den 85 
modellen som eg hadde i si tid, er rett og slett 
fantastisk! Eller identisk og identisk. Denne som me 
køyrde no hadde mindre rust, meir motor, meir utstyr
og to dører meir. Elles var det relativt likt! 


Det som også er fantastisk er at mange mil frå folk
kjem ein plutseleg over folk som bur i det som må
kallast ugjestmilde dalar. Altså ganske likt som 
Vestlandet i Noreg.


Som ein kan sjå var det ikkje så mange landemerker
å ta peiling på når ein skulle finne ut kva veg ein skulle
ta. At skilting var fråverande hjelpte heller ikkje.

No skal det seiast at det at sjåføren kunne mongolsk var heller greitt. Då gjekk det an å stoppe og spørje etter vegen. For når du har fire vegar som går i nokolunde same retning, utan skilt og landemerker, så er det ikkje for kven som helst å hugse kvart eit kryss. 


Det at bussane køyrde mellom byane var og ein god
ting. Så lenge ein møtte eller køyrde forbi bussar på
vegen visste ein at det var rett veg. Med mindre bussane
hadde køyrd seg vill. Her eit busseksemplar med 
veldig selektivt varmeapparat. 

Etter overnattingane på heller tvilsame hotell måtte
me opp før sola for å rekke å kome fram til neste by
før middagstider. Det å sove middag i bilen er litt
mindre komfortabelt enn ei hotellseng. Der ein må 
sove i eigen sovepose fordi radiatorane på hotellet
ikkje står i stil til dei 30 minusgradene på utsida. 

Etter tre dagars køyring kom me til Khovd, etter å ha fått overnatta på ein stad med mykje betre standar enn eit gjennomsnittleg hotell, nemleg det prinsesseprega rommet til eit av misjonærborna i Khovd var me klar for retur. Denne gongen med øydelagde støytdemparar. Noko som ikkje er så farleg når det berre er ein og ein halv dag med køyring på vegar som ikkje er asfaltert. 


Ikkje heilt det same som den me kom med, men slettes
ikkje verst. Denne har ein knapp på sidan av 
girstonga det står PWR på. Så då må det jo vera
bra. Sjølv om det einaste målbare som skjer ved å 
trykkje på denne knappen er at det kjem på eit grønt
lys i dashbordet som seier "ECT POWER" 


 I følgje min mongolske ven, sjåføren, var dette mykje
snø. Då eg fortalde at det eit par mil heime i frå var 
fire meter snø for to år sidan, trur eg ikkje han heilt trudde 
meg. Og det å la ein nordmann som aldri har sett snø
før køyre, det gjekk jo sjølvsagd ikkje. Det er jo krevjande
førehald når ein berre har to hundre meter sikt. 

Snø og vanskelege førehald hindra ikkje lokaltransporten.
Etter å ha sett mongolske førehald, må eg sei at norske 
motorsyklistar ikkje er så tøffe som dei likar å gje uttrykk
for. Prøv å køyr motorsykkel i minus 25 grader, sidevind
som kan blåse ein kamel av vegen på uasfaltert veg. 


Det kan virke som ord som "ferist" og "gjerdeplikt"
ikkje har hatt gjennomslag i det mongolske språket
kamelar, hestar, sauer, geiter og kyr var oftare å sjå
i vegen enn andre trafikantar. 


Men når trafikantane først kom, såg det ut som dei
kom frå før 1970. Sjefsbilar!


Då me hadde ti mil att til reisa var slutt kom me over
eit hesteløp. Sjåføren vart gira og trudde det kunne
vera "national horse racing". Det var det ikkje. 


Barneskirenn har dei ikkje i Mongolia.
Barnehesteløp derimot, det er det. Til tross for at
det er forbode vinterstid grunna ei viss risiko for
frostskadar. Men ein 6-7 åring lærer litt av å miste ei
tå av koldbrann, så det er ikkje noko å bry seg med.

Men me kom oss faktisk attende til Ulaanbaatar, og det må seiast. Det å vera passasjer er ikkje så gale når ein er på nye vegar i Mongolia.

fredag 22. januar 2016

Kald skulder

"Å bli møtt av ei kald skulder" er, om eg har forstått det rett, å ikkje bli så godt motteke. Kva kalde lekamsdelar har med mottaking å gjere, er meir enn kva eg greier forstå. Men det kunne i alle fall bli eit brukbar overskrift sidan det er eit kjend uttrykk. Men ei sannferdig overskrift er det ikkje. Skuldrene var omtrent einaste delen av meg som ikkje var kald.

Eg er av dei som stundom må ha ei orsaking for å kome meg utom døra. Altså anna orsaking enn at "no er eg lei av å sitje inne i ei alt for varm leilegheit der det ikkje går an å lufte grunna ei luftforureining i same klasse som det var på røykerommet på ferja mellom Hallhjem og Sandvikvåg i si tid". Altså så mykje luftforureining at at sikta i kolonnekøyring over Hardangervidda i ein vinterstorm kan kategoriserast som god. Men uansett, grunna at eg trengde ei anna orsaking tok eg med meg kamera, stativ og lys for å sjå om det var mogeleg å få til nokre bra bilete utomhus. Lite visste eg då at det var 38 minusgrader ute.

Men van med å vera i friluft som eg likar å lura meg sjølv til å tru at eg er, hadde eg heldigvis med hue og hanskar. Og ei jakke. Og som ein som kan kanskje tre av fjellvettreglane veit eg at speidaren sitt motto er "alltid beredt". Så eg køyrde innom ein restaurant for å få meg noko mat på vegen. Eller mat og mat. Eg var berre litt svolten så eg bestilte ei soppsuppe som av alle ting var vegetarmerka. Heldigvis var det godt med bacon i brødet som vart servert til suppa. Det var vegetarmaten sin det! Meir bacon enn det plar å vera i ein middels egg og bacon frukost.

Men etter beredskapsplanen var gjennomførd, bar det ut i bilen igjen. For å køyre ut av skoddeheimen av kolrøyk. Berre så de som bur i Bergen veit det, Bergen slit ikkje med luftforureining.
Etter å ha køyrd litt lengre vekk frå sentrum var sikten på to-tre hundre meter, god og frisk luft altså.
Så då var det på tide å parkere på sida av elva Tuul. Etter å ha gått heilberga gjennom all biltrafikken som var på elva denne kvelden, både med kjelkar bak og berre i stor fart i breisladd innimellom borna på kjelkar, var det mørkt nok til kameraprøving. På dette tidspunktet hadde det og gått opp for meg at stilongs kanskje ikkje hadde vore veldig dumt. Og andre sko enn joggesko laga for varme sommardagar hadde kanskje også vore greitt å ha. Men med ullsokkar gjekk det urovekkjande bra, for eg kjende i alle fall ikkje at tærne mine var kalde etter ein halvtime. Det at eg ikkje kjende dei i det heile reknar eg med er ein positiv ting.

Men kameraet vart sett opp, og bildetaking sett i gong. Kameraet kunne i følgje manualen brukast i 40 minusgrader. Så med to grader å gå på var marginane store.

To bilete, litt lys og litt photoshop. Biletekvaliteten
kan diskuterast, men det å ha ei orsaking til å kome
seg utomhus er uvurderleg. 

Etter det var gått litt meir enn ein halvtime kjende eg at det var på tide å oppsøke bilen igjen. Ein artig ting som kan skje når ein er ute i kalde temperaturar er at musklane vert stivare enn vanleg. For meg som ikkje har strekt ut sidan gymtimane med Ivar Os på ungdomsskulen, vil det seie at ein får ein distinkt gangart. Det at det kjendes ut som eg hadde tømt ei gryte med kokande vatn nedover beina kunne og bety at eg hadde vore "litt uheldig". Eller at forfrysingar i nær framtid var ei mogelegheit. Etter gåturen med tissa-på-meg-mens-eg-har-gangsperr-etter-maraton-gange, skulle eg lesse utstyret og meg sjølv inn i bilen. Men sjølsagt måtte eg ta ein skrytesnap over at eg hadde vore ute og fått istappar i skjegget. For å få det til måtte eg ta av hanskane. Så langt ingen problem. Problemet kom etterpå, då eg skulle leggje saman kamerastativet og hadde gløymt å ta hanskane på igjen. For dei som har lyst å vite korleis det kjennes ut å ta på aluminium som nettopp har vore i 38 minus i rundt førti minutt kan eg opplyse om at det har du ikkje. Det fascinerande er at det beste samanlikningsgrunnlaget eg finn for den opplevinga er å leggje noko armeringsjern i eit bål for så å ta det ut etter førti minutt. Men kald skulder hadde eg i alle fall ikkje. 

fredag 15. januar 2016

Køyreskulelærar og drosjesjåfør

Dei som har lese eit par av dei innlegga eg har skrive her har kanskje fått med seg at det å ta drosje i Ulaanbaatar, er ikkje det same som å ta drosje i Nordhordland. Det var det ikkje i dag heller.

Som vanleg var det ein gammal og sliten småbil som stoppa. Det at det sat på ei dame allereie var ikkje så svært nøye. Ho skulle uansett av hundre meter lenger framme. Altså om lag fem minutt seinare. Sjåføren var snill og hyggeleg, det første han gjorde då eg hadde sett meg inn var å hjelpe meg å ta setet lenger bak slik at knea mine ikkje skulle knuse dashbordet hans. Eller så var det fordi det låg noko greier på golvet der framme. Han peika ned framføre føta mine og sa noko eg ikkje skjøna samanhengen av, men eg skjøna ordet "bagsj". Han var altså lærar. Lærar i kva? Har du lese tittelen skjønar du nok at det var ein kjørelærar. Det skjøna ikkje eg, før etter ein del teiknspråk og forklåring på mongolsk som eg ikkje skjøna. Han var køyreskulelærar, og som køyreskulelærar flest likte han tydelegvis å køyre bil. For han køyrde drosje på fritida.

Det første som slo meg etter at eg hadde oppfatta at han var kjørelærar var at det har vore litt utvikling i kjøreskulane frå då eg tok førarkort i Nordhordland. For det første heitte ikkje læraren Christel. Det at eg sat på den sida som hadde pedalar, men ikkje ratt var eg heller ikkje van med. Og det at bilen var ein Hyundai som hadde sett sine beste år før tusentalskiftet i staden for ein flett ny BMW var og noko nytt. Det var og litt merkeleg at den var grei å bruke som skulebil då eine spegelen mangla. Vinterdekk hadde bilen heller ikkje sett. Den spann i alle fall alle stader det kunne sjå ut som det hadde vore glatt i forrige veke då det snøa.

Men det beste av alt må seiast å vera læraren sjølv! Aldri før har eg sett ein køyreskulelærar bruke fløyta så mykje, blinklys så lite og vera så flink å snike og presse seg fram mellom andre trafikantar. Kollektivfelt ser det forresten ut som at skulebilar har lov til å køyre i også. Og kvar einaste gong trafikken stoppa opp, eller gjekk litt seint fann han fram Candy Crush på telefonen og var meir oppteken av det enn det såkalla trafikkbiletet. Korleis han klarte å ikkje krasja er for meg ei gåte. Men eg har ein teori på kva som gjorde at han mangla ein spegel. Det som også var fascinerande var at han klarte å konsentrere seg om å halde ein samtale på dårleg mongolsk og kroppsspråk med meg samstundes som han spela Candy Crush. Kanskje difor han aldri byrja å køyre etter trafikken som forsvann framføre han, før dei bak byrja å fløyte og vrenge over i motgåande køyrefelt for å kome rundt han. Etter å ha sett denne oppvisinga var det nesten som eg syntes det var synd eg tok førarkortet i Noreg. Slik multitasking som dette lærte aldri eg!
Slik som eg forstod han fekk eg tilbodet om å byrje å køyre med han om eg ynskte å ta førarkortet. Det var rett før eg sa ja til det tilbodet. Men eg arbeidar jo for NLM, og det ville jo nesten ha vore å lyga om eg sa ja, for eg har jo allereie førarkort. Så det gjekk ikkje.

Då me kom fram og eg skulle betale skjøna eg kvifor han køyrde drosje i tillegg til å vera køyreskulelærar. Han køyrde framleis med skuletakst.

torsdag 14. januar 2016

Påkjørsel

Det å få bilen ein sit i påkøyrd ser eg for meg at ikkje er noko god oppleving same kor ein er. Det er vel fyrste gongen dette har hend meg, så eg kan sei at i Mongolia er det ikkje veldig artig. Trafikkreglane i dette landet er slik at dersom to bilar skulle vera involvert og det kjem ei lita skade må begge bilane stå heilt i ro til politi og forsikringsselskap har vore på staden og delt ut skuld.
Når eg no vart påkøyrd på sida bakfrå rekna eg med at skulda var motparten si. Det gjorde han og, for han fann med ein gong fram pengane og ville betale meg. Eg har fått grei beskjed om at dersom ein krasjar her, då lyt ein stå stille. Så det var det eg hadde sett meg føre å gjera. De føresettet vart og forsterka då passasjeren min allereie hadde oppdaga at det var meir enn eit hint av alkohollukt frå pusten til sjåføren i den bilen som hadde råka bilen "min".

 Ikkje ei veldig stor skade på bakskjermen, men nok
til at det hadde vore greitt å fått ein alkoholpåverka
mann av vegen.

Den andre sjåføren kunne ikkje anna engelsk enn "my friend", så vidare forsøk på samtale der var dødfødt. Til tross for at eg er flytande i kroppsspråk. Eg prøvde å ringje til ei på kontoret som kan både engelsk og mongolsk. Ho tok diverre ikkje telefonen. Medan den ringte prøvde han lettare frustrert med bydande handrørsler å få meg til å ta ned telefonen. Godt eg hadde eit solid tak i den, om ikkje hadde den nok hamna i asfalten ganske fort. Passasjeren prøvde å stille seg i mellom, slik at eg i det minste skulle få snakke i telefon utan å få den knust. Ho tok framleis ikkje telefonen. Då gjekk den godaste sjåføren i andre bilen og finn eit skilt som ser mistenkeleg ut som eit politiskilt, for å skubbe det opp i andletet mitt. Ho tok framleis ikkje telefonen.
Eg innsåg at ho ikkje kom til og svare og prøvde å ringje til sjefen. Han svara fort. Då gjekk hr. alkoholpåverka politimann og passasjeren hans og sette seg i bilen sin igjen. Eg formidla dette til hr. sjef og fekk beskjed om at eg måtte i alle fall ta bilete av nummerskiltet deira. Ikkje så lett å få raskt til i mørket. Endå mindre lett då hr. alkoholpåverka politimann byrjar å kjøre mot meg. Og etter kvart på meg. Ein liten dult i kne og leggregion. Det er ikkje veldig ofte eg kjenner at eg heldt på å bli sint, men no var det like før.
Etter å ha gjeve meg den litle dulten med bilen sin prøvde eg å flytte meg litt til sida, slik at eg framleis stod i kontakt med bilen, men og slik at eg var posisjonert til å ta eit bilete av nummerskiltet når eg stod der.

Dette ville ikkje hr. alkoholpåverka politimann vera med på, så han fortsette å gje gass. Heldigvis var det rundt tjue minus, så vegen var litt glatt og eg var skubba framføre bilen i staden for å bli knekt under. No var eg enno nærare å bli sint. Uheldigvis hadde eg mobiltelefonen i høgre handa, så eg hadde berre venstre handa å slå i panseret hans med. Det vart diverre ikkje nok kraft til å lage bulk.
Men dette at ein person blir skubba framføre ein bil samstundes som han slår i panseret og ropar til sjåføren er tydelegvis god underhalding i Mongolia. Nokre av dei på fortauet lo. Kan ikkje sei at eg ikkje skjøner dei.

Det er diverre vanskeleg å lese mykje meir ut av
dette biletet enn at det var ein svart sedan som køyrte
på bilen og meg. 

I og med at den andre bilen hadde køyrd rekna eg med at det ikkje var noko poeng i at eg vart ståande. Så eg køyrde dei siste femogtjue metrane bort for å levere passasjeren min før det vart eit svært ringestyr. Folk som kan mongolsk og engelsk men ikkje så mykje om bilforsikringar og liknande måtte ringje til folk med kompetanse for så å ringje meg opp at og spørje meg meir ut. Eg trur enden på soga vart at eg ikkje skulle ha flytta bilen, men sidan det berre var riper sa forsikringsselskapet at det gjekk greitt. 

Kort oppsummert: Det å få bilen påkøyrd er ikkje bra. Det er mindre bra når føraren av den andre bilen er påverka av alkohol. Enno mindre bra når det viser seg at det er ein politimann påverka av alkohol. Og beint gale blir det når denne alkoholpåverka politimannen finn ut at å køyre på dei som vil ta bilete av bilen er ein god idé. Og om eg har oppfatta det rett til no, er det ikkje nokon grunn til å ringje politiet og sei at ein alkoholpåverka mann har stukke av frå ein påkjørsel. Sjølv om ein har ein passasjer som hugsar registreringsnummeret på bilen. Så har du sett ein svart sedan med nummeret YHГ 4133, finn sjåføren og gje han ei klessing! 

Men rett skal vera rett, eg bør vera glad til at det ikkje vart verre enn eit par små riper på ein bakskjerm. Og så satsar me på at det at eg hadde litt ilt i høgre kne og venstre legg då eg kom heim og adrenalinet hadde roa seg ned litt, har ei heilt anna og naturleg forklåring. 

fredag 8. januar 2016

Tannlækjaren vol. 2, 3, 4, 5 og 6

Dette innlegget er fortsetjinga på "skrekkhistorie frå røynda". Så om det er vanskeleg å skjøne samanhengen her, kan du lese første del for å bli endå meir forvirra.

Germon Dental. Andre gong. Etter ei veke med nervegift i tanna mi rekna eg med at den måtte verkeleg ha gjort susen, og at det no skulle vera grei skuring å få vølt tanna i løpet av ein liten halvtime. Så feil kan ein ta. Etter eit godt kvarter med boring for å få vekk den mellombels fyllinga, fann tannlækjaren fram ein pinsett og drog ut filla som var dynka med nervegift før den vart plassert nedi holtanna. Håpet mitt var at den no var dynka med bakterielik og daude nervar. Så byrja boringa igjen. Etter eit lite halvminutt kunne eg gje uttrykk for at dette ikkje gjekk serleg bra. Hadde det vore armlene på stolen hadde dei nok vorte rivne av i løpet av det halvminuttet. Det var ikkje armlene, men då eg plutseleg hadde sklidd ein liten halvmeter nedover i stolen og vernebrillene til tannlækjaren måtte få montert vindaugsviskarar for at hos skulle kunne sjå gjennom kaldsveitten som spruta, trur eg ho tok hintet. Det skal seiast at det skal ho ha skryt for. Ho er i alle fall raskare enn meg til å ta hint.
Men eg trengte ikkje fortvile, dei hadde jo bedøving dei kunne setje. Etter å ha fått andletet lamma frå håka til midt på nasen, var det fram med slagboren igjen.

Denne gongen gjekk det eit nytt halvminutt før tannlækjaren berre såg det kvite i augene mine. Så då fekk eg ei nye veke med nervegift og mellombels fylling. Etter den veka kom eg tilbake, akkurat like skremd som før. Og på same måten som førre gong gjekk det ikkje veldig lenge før både nervegift og bedøving måtte gje tapt for eit nervesystem i høgspenn. Så då vart det "Special kind of nerve medicine" og kome inn at dagen etterpå. Denne gongen virka det faktisk som om den spesielle nervegifta hadde ei effekt. Eg spurde ikkje, men reknar med det var ei form for VX. Prøveboringa nedover gjekk utmerka, til og med utan bedøving. Tannlækjaren kunne opplyse om at det var ei tann med tre kanalar som måtte takast. Ho fann fram eit langt handbor, eller liknande, og gjekk laus på første kanalen. Ikkje eit bra triks. Ho hadde hatt meg inne såpass mange gonger etter kvart no at ho skjøna det var ilt før eg hadde aka meg av stolen og ned på golvet med munnen på vidt gap for at ho skulle kunne arbeide. Så om det var eit reinsemiddel eller bedøving av noko slag ho fann fram veit eg ikkje. Men ho sprøyta det direkte på tanna og prøvde vidare. I alle dei tre kanalane. Det hjelpte ikkje.

Etter ein ny omgang med VX i tanna og mareritt om tyskarar som snakkar mongolsk og går kledd i tannlækjaruniform, var det inn på nytt. Det var litt framskritt og tannlækjarbyte midt i ei boresekvens. Uheldigvis har eg lært meg litt mongolsk, blant anna tal. Så når eg høyrer at den nye tannlækjaren seier til den første at det var fire kanal, ikkje tre som den første hadde sagt, var ikkje det veldig oppløftande nyhende.
Nervegifta hadde igjen hatt ei positiv effekt på tanna mi, for no gjekk det forholdsvis greitt når dei dreiv med handboren i dei to fyrste kanalane. Greitt nok at dei gjekk så djupt at eg var redd dei skulle nå grunnvatnbassenget eller opne gullfaks d for Statoil. Men det var i alle fall ikkje så ilt at eg vurderte å finne fram slegga for å slå meg sjølv medvitslaus i stolen. Dette var fram til dei byrja på dei to siste kanalane. Då skulle eg ynskt eg hadde med slegga.

Men kva er problemet når tannlækjaren har meir nervegift tilgjengeleg enn både NATO og Russland kombinert? Denne gongen fekk eg beskjed om at neste veke skulle dei gjere seg ferdig. Den gjekk ikkje eg på.

Neste veke fekk eg bekrefta at sjølv om eg ikkje klarer å få min eigen knyttneve inn i munnen, klarar eg å få tannlækjaren sin inn. Pluss halve underarmen. Handboring og styring. Til slutt var ho nøgd og skulle fylle i. Sementblandaren dei hadde tilgjengeleg var i minste laget, men dei slapp å tilkalle ein betongbil. I alle fall ar det slik eg forstod ho. For det var noko problem med at tenna mine var for nært eit bein bak i kjeven, så ho fekk ikkje på plass forskalinga på tanna slik at ho kunne bruke "composite filling" men måtte bruke sement. Men sementen kom på plass og eg skulle sleppa å gå til tannlækjaren på ei stund! Trudde eg. Neste veke var det inn igjen for polering. Og boring i ei tann eg hadde hol i. Heldigvis var dette holet "very deep cavity" og eg skulle ikkje sjå vekk frå at til tross for det var bora opp og fylt i med "composite filling" av beste kvalitet, ville det kanskje ikkje vera godt nok til å stoppe framtidige hol. Då skulle eg heldigvis få lov å kontakte dei igjen.

Det som i skrivande stund er litt skremmande, er at eg kjenner at det ikkje står heilt bra til under ei eller to av dei andre fyllingane som måtte bytast.
Og det er i alle fall skremmande at dette er dei to snillaste og forsiktigaste tannlækjarane eg nokon sinne har vore borti.