Sundag som var bestemde eg meg for at no var det tid for å kome seg ut i frisk luft, litt vekk frå byen. Eg hadde blitt tipsa om eit bra turterreng litt sør for Ulaanbaatar, så uoppfinnsam som eg er køyrde eg opp til ein parkeringsplass der. Då eg skulle byrja å gå fekk eg eit lite sjokk. Ulaanbaatar ligg på vel 1200 meters høgde, så kvifor i all vera skulle det då vera naudsynt å gå på motebakke for å kome seg til fjells? Heime er fjella allereie ganske høge dersom dei er på 1200 meter.
Denne karen traff eg på botnen av brekka. Anten skjøna
han ikkje norsk, eller så lata han som han ikkje skjøna det.
Han ville i alle fall ikkje bera meg opp til toppen.
Til tross for at det allereie hadde vore eit par snøfall var denne dagen varmare enn ein gjennomsnittleg sommardag i Noreg. Varmare enn 12,5 grader er kanskje ikkje så imponerande, men med stilleståande luft og ei steikande sol var det nok nærare 25, om ikkje enno varmare, i sola.
Men med friskt mot og nye skor gjekk eg på. Det kunne no ikkje vera så langt til toppen, eg hadde jo køyrd bilen opp til om lag 1500 meters høgd før gåinga byrja. Det var langt til toppen.
Etter rundt 150 meter slak motebakke lura eg på om eg hadde fått kols. Sveitten rann og pusten gjekk som luftbelgar på ein salmesykkel, der belgane var punktert ein gong på femtitalen og ikkje har vorte reparert seinare. Det at det blir om lag 1% mindre oksygen i lufta pr. 100 meter ein går oppover i terrenget frå havoverflata kan eg jo også late som spelar ei rolle. For meg som er oppvaksen på vestlandet, der det regnar såpass mykje at det til tider virkar som om me er under havoverflata, vil det altså seia at eg må legga på litt i det normale oksygeninnhaldet i lufta også.
Men kunne mongolar i lakksko og dressjakke klare dette skulle forsyne meg eg og klare det.
Det var faktisk mongolar i lakksko der, men med så mykje folk som var på veg opp fjellet her hadde det nesten vore merkelig om det ikkje hadde vore det. Det var fleire folk som skulle på tur her enn det bur i ein norsk bykommune.
Etter at eg hadde diagnostisert meg
sjølv med kols og byrja så smått å
lure på om eg hadde fått høgdesjuke
såg eg bevis på at mongolane er
smarte folk. Kvifor gå når ein kan kjøre?
Heldigvis kom eg etter kvart inn i skuggen av trea, og her låg forsyne meg snøen på bakken. Fascinerande med midtsommar og vinter hundre meter frå kvarandre. Oppover isete stiar var det god underhaldning å sjå på lakkskoentusiastar som prøvde å gå ned. Trur kanskje ikkje lakksko er den nye fejllskoen.
Då det er så mange som har vanlege dyr i Mongolia
må ein ha noko spesielt for å skilje seg frå mengda
her. På dette biletet ser me ein ung mann som luftar
riskokaren sin.
Etter det som kjentes ut som ein vondt år (noko det ikkje kan ha vore i og med at eg er eittåring her, og hadde det vore eit år hadde eg mista flyet mitt heim), men klokka sa var om lag to timar med motebakke kom eg omsider opp på flatmark på 2000 meters høgde. Det var ei stor slette her, men ikkje heilt det eg forbind med rolege sundagsturar. Det såg ut som samtlege av dei vidaregåande skulane i Ulaanbaatar hadde bestemd seg for å gå på fjelltur akkurat denne dagen. Og med seg på turen hadde dei eit høgtalaranlegg som hadde blitt for voldsomt for Brann stadion. Så det var ikkje mogeleg å ikkje legge merke til dei. Så sidan dei var til høgre når eg kom opp til sletta gjekk eg til venstre, greit å kunna gå ein tur på stien og høyra skogens ro av og til.
Etter å ha gått såpass langt at eg berre høyrde dei verste skrika i mikrofonen var det tid for lunsj. Godt planlagt som denne turen var vart det ein halv boks med peanøtter som strategisk nok hadde fordelt seg rundt i heile sekken min og gåver frå ein norsk folkehøgskuleklasse som nett hadde vore på besøk.
Den eine gåva frå folkehøgskuleklassen, eller læraren
deira for å vera heilt nøyaktig, var ein merkeleg
blåbærsmoothie. Trur det var om lag 75% sukker
to blåbær og resten fargestoff i denne.
Den andre gåva, verd si vekt i gull var nok til å få
kven det skulle vera til å få heimlengsel!
Sidan eg har vore på ein del turar i skog og mark før hadde eg sjølvsagd ikkje med meg sitjeunderlag. Eit par hanskar fekk vera meir enn nok. Etter ti minuttar og ein gjennomvåt shorts var lunsjen fortært og det var tid for avmarsj. Sidan det å gå på stiar som er god brukte og går an å sjå fort kan bli litt keisamt, valde eg å prøve finne min eigen veg. Ikkje ein utelukkande suksess.
Her har ein snill person tatt med seg ein sko opp ei
forferdeleg brekka og vore så snill å setje den igjen
tilfelle nokon andre som kjem gåande skulle miste
sin eigen sko. Omtenksomt!
Etter å ha gått eit par hundre meter innover skogen såg eg plutseleg at det byrja å hagle konglar frå eit tre. Etter nøye studering såg eg til slutt at det stod ein vaksen mann oppe på ei grein som såg faretruande ut som den skulle gje etter og kasta konglar ned. Litt spesielt, men jaja. Etter hundre meter til høyrde eg noko banking inne i skogen, nyfiken som eg er måtte eg sjølvsagd sjå kva dette var for noko. Det viste seg at dei konglane som første mann heiv ned inneheld nøtter som visstnok skal smaka godt. Så her var det ein heil gjeng i arbeid med å knuse konglane å sile ut nøttene. Heldigvis kunne ein av kongleknusarane litt engelsk og han kunne fortelje meg at det var mogleg å gå ned til bilen den vegen eg var på veg. Som han sa "One road this way, then crossroad".
Kongleknuseogsorteringsplass.
Eg gjekk på stien som tydelegvis heitte "One road this way" ei stund, traff på fleire konglesamlarar og delte ut smørbukksjokolade så godt eg var kar for. Plutseleg såg ein smal og ikkje alt for godt oppgått sti som gjekk nedover den sida av fjellet som eg ville. Så eg rekna med at dette var den berømte "crossroad". Det var det tydlegvis ikkje.
Nedetter crossroad traff eg på denne rakkaren. Etter
å ha sunge dei 19 versa i Kråkevisa for å informere om
kva som ville skje dersom den prøvde seg fekk eg sleppe
forbi utan noko større problem.
Etter hå passert kongleindustriområdet bar dett rett i uføret. Den berykta "Crossroad" var nok sannsynlegvis ikkje der som eg gjekk. Der som eg gjekk var det meir steinur, til tider tett underskog(som alltid er behageleg når ein går i shorts og småsko), og brattare enn preikestolen. Min teori på korleis stien eg prøvde følgja hadde oppstått er at det er mange lågtflygande fuglar i området.
Meir dyreliv. Uheldigvis var dette ekornet såpass
oppegåande at det skjønte det fort hadde blitt nistemat
for ein nordmann på villspor dersom det hadde
kome nærare.
Etter ein time eller to med fjellklatring nedover kom eg inn ca halvvegs på den stien eg hadde gått når eg skulle opp på fjellet. No hadde sola gått såpass mykje ned at temperaturen hadde gått greitt under frysepunktet. Noko som var greitt i og med at eg slapp å sveitte. Det som ikkje var så greitt var at det som hadde vore gjørme når eg gjekk oppover no var brun stålis som såg ut som gjørme. Etter eit par hundre meter vil eg tru at alle som kom gåande bak meg trudde eg hadde måtta såpass mykje på do at eg ikkje hadde hatt tid til å trekke ned shortsen. For stålisgjørma hadde sjølvsagd eit tynt lag på toppen som ikkje var frose, så når ein først gjekk på ræv såg det ut som ein hadde fått i seg noko mat ein ikkje heilt hadde tålt.
Men vel nede igjen må eg jo sei at det var ein fin tur. Neste gong tvinger eg med kamelen.