tirsdag 10. januar 2017

Golf

Golf må vera nummer to på lista over bedagelege sportsgreiner, har eg alltid tenkt. Plassert rett mellom sjakk og sjå på at ein nymåla husvegg tørkar på ein klassisk dag i sommarferien på vestlandet. Eller sidan eg nemner vestlandet, blir det vel meir ein klassisk vestlandsk sommarferie for lærarar. På to månadar kan det vera at veggen får tid til å tørke. Men tilbake til golfen. Det biletet eg har fått av denne sporten gjennom amerikansk fjernsyn og film, viser at det er ein gjeng greitt vaksne menn i merkelege klede som køyrer rundt i små elektriske bilar, og har med seg folk til å bera dei tunge golfkøllene(eller er det klubbene? Amerikanarane kallar det i alle fall golf clubs...). Så ikkje akkurat ein sport der kondisjonen, makspulsen eller fysisk styrke vert utfordra. Med andre ord, ein perfekt sport for meg.

Då eg endte opp med å kjøpe alt av inventar, sportsutstyr o.l. av den utsendingen som reiste heim då eg kom ut, sat eg med eitt som eigar av blant anna nokre golfballar, nokre knaggar(peg) og eit par golfkølleklubber. Ein køyrar(driver) og ein setjar(putter). Merkelege namn på alt dette golfutstyret, men som de ser tar eg omsyn til dykk som ikkje kan (ny)norsk og skriv dei engelske namna også. Og så legg eg ved lekkjer til ein nettbutikk som var den første som dukka opp på google, men diverre ikkje betaler meg for alle treffa dei får frå denne sida.

No skal eg etter kvart kome til saka. Ein elektrisk liten tullebil er ikkje noko å køyre ut i den mongolske vinteren, eller nokon andre stader for så vidt. Så eg fann ut det vart tryggast å oppgradere til ein land cruiser. Flaks at NLM eig ein land cruiser eg kan låne/leige i helgene.

Då golfballane eg har er kvite måtte eg køyre til eg fann ei slette utan snø, og etter ei stund fann eg det. Det som var ein bakdel der var at det var strødd med knoklar, som også er kvite. Men med min dugleik i golf var det ikkje så farleg. På to og ein halv meter går det an å sjå skilnaden på ryggsøyla til ein sau og ein golfball. Men det må seiast. At sjølv om golf er ein bedageleg sport er den ikkje dermed behageleg. Ti minus og vind - eg skjønar kvifor dei som spelar golf på film brukar hanskar!

Dersom du zoomar inn ser du golfkølla og ballen.
Heldigvis var det mykje knoklar og småstein tilgjengeleg
dersom eg skulle verta flink nok til å slå vekk ballen.

Akkurat i det eg fann ut at det var nok og eg skulle køyre den oppgraderte golfbilen heim att kom det ein saueflokk traskande. Bak saueflokken kom det ein gjetar. Eg kunne jo sjølvsagd ikkje la han tru at han hadde skremt meg, så då måtte eg halde på litt til. Sidan dei har laga filmar om golf reknar eg med det må vera ein tilskodarsport. Gjetaren sette seg i alle fall ned femti meter bortføre meg og såg på. I ti minuttar sat han og såg på at eg slo, bomma og stundom traff ein liten kvit ball for så å gå og hente den, før heile operasjonen byrja på ny. Kan du tenkje deg ei meir meiningslaus aktivitet?
Han bestemte seg omsider for å følgje etter sauene sine, så følte eg på presset for å helse på han. Sånn sidan han var det første mennesket eg hadde sett på fleire mil. Dette medførte jo nye vanskelegheiter. Det var jo relativt kaldt sjølv om sola skein, så mannen hadde viseleg nok på seg både finlandshette og solbriller, så det var umogeleg å fastslå alderen hans. Og det er greitt å vite alderen til nokon når ein er i Mongolia, for er dei eldre enn meg må eg bruke ei høflig tiltaleform, er dei yngre ei mindre høflig tiltaleform. Eg gjekk for det trygge alternativet, den høflige. Og bra var det. For då han tok av seg finlandshetta og sa namnet sitt såg eg at han var grå i skjegget. Så eg reknar med at han må vera eldre enn meg. Etter å ha halde ein samtale på ein salig kombinasjon av mongolsk, kasakk og kroppsspråk fekk me slått fast at eg kom frå Noreg, at Noreg er gode på skiskyting, at det var hans sauer og at det var ein heilt grei dag å vera ute på. Hyggeleg mann. Så hyggeleg at eg måtte gje han snickersen min då han gjekk vidare.
Så konklusjonen blir at sjølv om golf er ein merkeleg sport, treff ein i alle fall nye folk når ein driv med det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar