lørdag 27. januar 2018

Ulv, Ulv!

Soga om korleis ein fjelltur kan ende opp med at ein sit med ein ladd kalashnikov retta mot hovudet. Og om korleis det å ha ein ladd kalashnikov retta mot hovudet kan vera ein del av noko av det galnaste/kjekkaste eg har opplevd i Mongolia.
Der var den såkalla cliff hangeren gjennomført, så då kan me byrje å fortelje ting som det eigentleg skjedde. Eller eigentleg og eigentleg. Det med kalashnikoven er jo for så vidt sant.

Før jul var eg på ein fjelltur. I bil sjølvsagt. Best som det er treff me på ein Lexus oppe i fjellet. Han eine som sit i bilen kjem bort for å snakke med oss. Etter litt engelsk og litt lokalspråk finn me ut at han skal på ulvejakt. Eg får formidla at det er jo noko eg ser på som særs interessant.

Ein god månad seinare kan sjåføren til NLM fortelje at det er eit par karar som stadig vekk spør om kor tid eg skal vera med dei på ulvejakt. Eg svarar jo noko slik som; så snart som mogleg. Meir gira vert eg då eg får spørsmålet om eg har våpen sjølv. Det har eg jo ikkje her i Mongolia, men det gjorde ingenting, for dei hadde ekstra. Uheldigvis viste dette seg å ikkje stemme. Men eg hadde nok ikkje fått brukt det likevel sidan eg vart sjåfør på turen.

Klokka halv seks skulle me treffast utføre huset til han eine karen som skulle på jakt. Me plukka opp to til og klokka seks var me avgarde. Ulvejegarane hadde vorte kontakta av nokre gjetarar som budde halvannan time køyretur unna. Ulven hadde tatt to hestar og sju sauer, så det var på tide å ta ulven. Som tidlegare hjorte-, sjøfugl- og leirduejegar frå Nordhordland spurte eg uforvarande om kva for våpen dei hadde med seg for å skyte ulv. "Semiavtomatik kalashnikov" var ikkje svaret eg venta. Men eit bra svar var det!

Då me var ein god halvtime frå ein gjetar som hadde mista dyr og difor skulle vera med oss på jakt, fekk eg beskjed om å stoppe for røyking or førebuingar. Eg tenkte med meg sjølv at "eg har vore på leirdueskyting i Andvik der dei skyt på leirduer med rifle eller i frå bil i fart. Dette kan ikkje verta galnare." Orsak Andvikingar, men de må legga dykk i selen. Dette var galnare! Når eg skriv galnare meinar eg sjølvsagd kjekkare.
Dei kopla eit handhalde søkelys på batteriet, røyka, kledde på seg, fekk våpna ut av futterala, ladd og inn i bilen og var klar. Eg skjøna ikkje kvifor påkledninga skulle skje så tidleg, men etter å ha køyrt med passasjervindauget ope og søkelyset ute i fem minuttar i tjuefem minus begynte det å gå opp for meg.
Etter å ha kryssa ei islagt elv eller to, køyrt på nokre gode og mindre gode spor vert det oppstandelse i bilen og eg forstår at eg bør stoppa. Kvifor? Rev. Eg trudde det var ulv me jakta, men greitt nok. Mannen heldt han med søkelyset så han ikkje skal stikka av. Eg ventar på at ein av dei skal gå ut av bilen og skyte han, og lurar på om eg skal snu bilen til slik at det vert meir lys. Plutseleg går vindauget ned og eg ser laseren frå rifla til eine passasjeren begynne å flytte seg bortover bakken mot reven. Kikkert og laser på kalashnikoven. Såpass på det nesten vera. At han skulle gå ut var visst ikkje noko vits i. Han sat jo godt i bilen, så skotet kom som ei lita overrasking. Og etter eit skot til klarte han faktisk å ta livet av reven.

Reven vert lasta inn i bagasjerommet pakka inn i presenning og turen heldt fram. i 25 minus med ope vindauge. Me rotar oss inn på nokre småvegar som ikkje ser ut til å ha vorte brukt på nokre år. Buskane veks tett på sida, bilen må leggast inn i buskane for ikkje å sitja fast der hjulspora er så djupe at land cruisaren vil sitje fast. For meg kjennes det ut som me køyrer på måfå. Etter å ha måtte stoppe med eit hus for å spørje stakkaren som ligg å søv kor mannen me leitar etter bur, vert mistanken bekrefta. Me held fram på gamle ubrukte vegar som plutseleg ikkje går lenger. Til slutt ringer mannen me leitar etter. Han hadde endeleg slått på telefonen.

Med sistemann trygt ombord og demringa i anmarsj sette me kursen mot fjella der ulven var observert.
Etter køyring som vart meir og meir krevjande(les kjekkare), kom me omsider til der førstemann skulle av. Og så andremann. Og så køyrde me eit stykke lenger før me gjekk opp på ein topp for å sjå etter gråbein.
Før me reiste hadde eg fått beskjed via sjåføren vår om at eg måtte ha med meg godt med varme klede sidan det kom til å verta mykje sitjing ute. Eg såg då for meg at me skulle sitje frå grålysinga på kjente trekkruter for ulven og vente par-tre timar for å sjå om han kom. Så feil kan ein ta.
Plutseleg sprakar radioen til jegaren som var med meg og gjetaren. ULV!
Me spring ned frå fjellet og hiv oss i bilen for å kome i posisjon. Etter å ha kome i posisjon sit me i ti minutt før me fer vidare til neste posisjon. Og neste. Eg hadde sett for meg to-tre timar, så lunsjen eg hadde med var ein pose peanøtter og litt tørka aprikos. Som vart delt på fire då dei andre heller ikkje hadde med seg mat.

Etter eit par timar til var det 7-8 timar sidan frukost og det virka som dei innfann seg med at ulven hadde stukke av og at det var på tide å reise heim til nokon for lunsj. Neida. Ny plass.
Me køyrde eit stykke før me kom til eit stort vatn. Her var det visst gull å køyre ut på vatnet for å sjå om me fann spor i det tynne laget med nysnø. Sporing frå bil i eit land med 60 millionar husdyr. Lykke til tenkte eg. Men slik som revar fell for kuler frå kalashnikovar kan også nordhordlendingars hovmod falla.



Ulvespor inn mot land.
Sidan staden me(les dei) fann ulvespora på var avskåre frå land av skruis e.l.(eg veit ikkje heilt kva som definerar skruis, så me kallar det for skruis når det var isblokker i eit par meters høgde langs heile landstripa), måtte me køyre nokre kilometer til for å kome oss inn på land.

Då me køyrde med land på høgre sida og all speida innover for å sjå om det var mogleg å passere nokon stad, var det først no eg såg at han på sidan av meg sat å kvilte våpenet sitt mellom føta, og då med løpet rett mot hovudet mitt. "Sannsynlegvis sikra", tenkte eg var den einaste rette tanken der og då. Kan jo ikkje framstå som eg er redd/konsekvensmedviten/ansvarleg/livsglad når eg er i bil med tre ulvejegarar!

Me kom oss omsider på land. Så var det om å gjere å kome seg opp på eit fjell. Eg er jo ikkje framand for ein fjelltur i bil, men opplevde for første gong i Mongolia at nokon andre var like gira på utfordrande fjellturar som meg sjølv! Sjef! På toppen gjekk eg ut for å sjå om det var mogeleg å få nokre bilete av landskap og folk mens dei andre gjekk for å sjå om det var mogleg å sjå ulv. Eg hadde ikkje ete på ti timar, så eg hadde meir eller mindre gjeve opp.

Om lag 23 sekund før ting skjedde.


Plutseleg begynner dei å rope og skrike og kjem springande mot meg og bilen. Ulv! Ein mann vert ståande att på fjellet for å sjå kor han spring, mens me andre køyrer etter. Det å køyre ned frå eit fjell med store steinar, skarpe steinar og ekstremt bratte bakkar med snø kan vera utfordrande. Når ein har tre passasjerar som ropar "tess! tess!"(fort! fort!) og rister meg i akslene samstundes, kan det beint fram verta spanande! 
Det gjekk over stein og stein(få tre, så vanskeleg å få det til å gå over stokk og stein) ned mot vatnet der mannen på fjellet sa over radioen at ulven var. Ut på isen. 80 km/t over isen, fortare og bilen ville snurra rundt når me måtte svinga. Nesten heilt over isen. Tilbake til andre sida. Me ser ikkje ulv. Mannen på fjellet slit med å dirigere. Nærmar oss land på den sida me køyrde ut på isen på. Kjem på land. Ser ulven. Tre skrikande karar. "Køyr fortare!" Ned med vindauget, inn med spegelen, ut med kalashnikoven. Steinete. Må sakke ned. Ulven forsvinn opp mellom nokre steinar i eit fjell der me ikkje kan følgje etter med bil 100 meter framføre oss. 

Køyre rund knausen ulven gøymer seg i. Sleppe av eit par stykk for å sjå om dei ser ulven. Køyre i ring rundt knausen, skyte på og over knausen for å skremme ulven ut.


Då første skremmeskot vart avfyrt rett i nærleiken av ein
saueflokk, kom det plutseleg ein gjetar galopperande.  Han
vart fort rekruttert til utkikkspost.

Etter nokre rundar og skremmeskot kunne me framleis ikkje sjå noko. Så me plukka opp dei me hadde sloppe av og køyrde mot fjellet der speidaren som hadde geleida oss stod. Beint mot han frå knausen me var med gjekk spora av ein springande ulv. Så han omsider kom i bilen var det ei roping eg aldri har høyrd liknande av frå vaksne menn før, der dei kjefta på han og prøvde forklåre at han berre måtte bruke eit auge i kikkerten om gongen, det andre måtte han sjå nærare seg sjølv med! Og han ropa enno høgare i forsvar for seg sjølv. Og eg sat og lo.

Etter dette og enno eit fjell omringa, køyrd rundt, ein rev nesten skoten og henting av utkikkspost var det på tide med middag. Etter me hadde stoppa hjå nokre naboar to mil vekke for å drikke te. Sidan eg hadde tenkt at dette i utgangspunktet kom til å verta ein fem-seks timars tur i utgangspunktet, hadde sove fire timar på natta og køyrd bil så eg ikkje kunne sove under transporten, såg eg for meg at det etter middagen var retur til Ulgii, leilegheita og senga. Men neidå. Då skulle villsvinet skytast!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar